Ledige stillingar ved Ørsta vgs
Ørsta vidaregåande skule har no fleire ledige stillingar, og vi er på jakt etter dyktige og engasjerte kollegaer som vil vere med på å utvikle ein skule med fagleg kvalitet og eit godt læringsmiljø. Med oss får du eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø, og ei viktig rolle i arbeidet med å skape framtida for ungdom i regionen. Vil du vite meir om stillingane og korleis du kan søkje? Du finn utlysingane her:
Ledige stillingar ved Ørsta vidaregåande skule