Informasjon om klage på karakter, standpunkt- eller eksamenskarakter

Klagefristen for standpunkt er 10 dagar frå karakterane vart publisert (karakterane vart publisert 12.06.24). Dersom du vurderer å klage oppmodar vi deg til å gjere det så snart som mogleg for å få klagen raskt behandla, ikkje vent til dei 10 dagane har gått. Klagefrist skriftleg eksamen gjeld frå dagen karakter vert publisert.

Karakterar er enkeltvedtak, og kan klagast på, jamfør Forskrift til Opplæringslova, kapittel 5. Forskrift til Opplæringslova, kapittel 5

Dersom du vurderer klage på standpunktkarakter finn du meir informasjon på heimesida vår her: Klage på standpunktkarakter

Dersom du vurderer klage på eksamenskarakter finn du informasjon her: Klage på eksamenskarakter Merk at eventuell klage gjeld skriftleg eksamen.