Rådgivarar ved Ørsta VGS

Ørsta vidaregåande skule tilbyr eit styrka "lag rundt eleven". Ressursteamet på skulen består av sosialpedagogisk- og spesialpedagogsik rådgivar, i tillegg til rådgivar minoritetsspråk, karriererådgivar og OT (oppfølgingsteneste). I tillegg til skulen sine rådgivarar har PPT eigen rådgivar ved skulen, samt at skulen har eit samarbeid med Ørsta kommune.

Den samla elevtenesta/laget rundt eleven har eit særskilt fokus på tverrfaglig samarbeid, til dømes psykiske helse, trivsel og fagleg meistring. I tillegg har tenesta fokus på å gje yrkesrettleiing og bistå i høve utplassering/ kontakt med bedrift, opplæringskontrakt og læreplass ilag med kontaktlærar.

Skulen har over år utvikla eit godt samarbeid med teneste for psykisk helse og rustenesta i Ørsta kommune. Om elevar ønsker kontakt med tenesta kan dei ta kontakt med kontaktlærar eller ein rådgivar, så formidlar vi vidare kontakt. Tenestene bistår skulen med kompetanse og er tilgjengelege for elevane etter avtale. Tenestene kan om nødvendig tilvise vidare til spesialisttenester.

Leiar for ressursteamet er Anne-Marit Bae.

Dei ulike tenestene kan du lese meir om her:

Artikkelliste