Sosialpedagogisk rådgiving skal hjelpe den einskilde elev til å finne seg til rette i opplæringa. Slik hjelp kan vere å klargjere problem, omfang av problem og kva skulen kan bidra med. Rådgivarane kan og hjelpe elevane med vurdering av om dei treng hjelp utanfor skulen, og bistå med å få kontakt med riktig hjelpeinstans, til eksempel PP-tjenesten, skulehelsetjenesta, teneste for psykisk helse og rustenesta. Miljøarbeidaren er tett på i skulemiljøet, og følgjer opp elevar som har behov for ekstra og særskilt støtte for å greie skulekvardagen.
Ann Turid Andersen Egset er sosialpedagogisk rådgivar og har koordineringsansvar for fagfeltet psykisk helse og Margun Vartdal Romestrand er rådgivar.
Ann Turid Egset, mobilnr: 90 99 23 56
Margun Vartdal Romestrand, mobilnr: 47 65 40 12