Utdanningsval ved Ørsta vidaregåande skule:
VG1 Teknologi- og industrifag
Elevane får ein praktisk, variert og teknisk grunnopplæring i teknikk og industriell produksjon. Dei får ei brei plattform for vidare yrkesvalg både med omsyn til fag, type arbeidsplass og arbeidsmiljø. Programfaget legg grunnlag for tverrfaglig tenking og gir elevene muligheter for på sikt å kunne utvikle ei flerfagleghet som blir etterspurt i verksemdene. Ei betydelig del av tida vil elevane få arbeide med eit tverrfagleg fordjupningsprosjekt retta mot framtidig yrkesval.
Etter VG1 Teknologi- og industrifag kan du gjere følgjande val ved vår skule:
VG2 Programfag
- VG2 Industriteknologi
- VG2 Kjøretøy
- VG2 Automatisering
Arbeid innan teknologi- og industrifag
Arbeidsoppgåvene krev samhandling med andre, evne til å arbeide sjølvstendig etter prosedyrar og tegningar samt med registrering og dokumentasjon. Kjennskap til nasjonale og internasjonale standardar og retningsliner er ein del av faget. Eit viktig perspektiv i opplæringa er utvikling av lojale og stolte fagarbeidarar som viser respekt for mennesker, miljø og produksjonsapparater.