Utdanningsval ved Ørsta vidaregåande skule:
VG1 Helse- og oppvekstfag
Opplæringa i VG1 lærer deg om helsefremjande arbeid, livstilssjukdommar, skadar og lidingar. Det blir lagt vekt på born og unges utvikling, og som elev lærar du også om kost, ernæring og hygiene. Gjennom læring på VG1 vil ein kunne få utvikle seg på både kommunikasjon og sosial kompetanse, som kjem til nyttes for resten av livet ditt.
Etter VG1 Helse- og oppvekstfag kan du gjere følgjande val ved vår skule:
VG2-programfag
- VG2 Barne- og ungdomsarbeidar
- VG2 Helsearbeidarfag
- VG2 Helseservicefag
Mangfald av yrker
Den som vél slik utdanning, må ha interesse for medmenneske og vere samarbeidsvillig. Kommunikasjon vil vere ein viktig kompetanse.
Etter fullført VG2 Barne- og ungdomsarbeidar kan du søkje om læretid i bedrift og ta fagbrev. Arbeidsområda kan vere mellom anna assistent i barnehage, skule, SFO og fritidsklubbar.
Etter fullført VG2 Helsearbeidarfag kan du og søkje om læretid ved ulike helseinstitusjonar og ta fagbrev.
Som alternativ til lærekontrakt etter VG2 kan du skaffe deg studiekompetanse og ta høgskuleutdanning innan fleire av desse fagområda. Til dømes kan du gjennom høgskulestudier og utdanne deg til sjukepleiar, lærar eller førskulelærar.