Framsynt og vågalt
Det må vel kunne seiast at det er eit nokså artig samantreff, at det nettopp var i jubileumsåret at nye Ørsta Kultur- og Kompetansesenter (ØKKS) vart endeleg vedtatt! Vi veit at nemnda for fyrste etablering av Ørsta yrkesskule, også i årevis arbeidde målbevisst for å få klarsignal til oppstart av byggeprosessen. Dei møtte tett med hindringar frå både byråkrati, fogderistrid, mangel på pengar, og ikkje minst- mangel på bygningsmateriale. Ørsta hamna difor på ventelista. Ikkje så ulikt prosessen med nytt bygg for dagens Ørsta vidaregåande skule. Mål og innhald for fagutdanninga i Ørsta den fyrste tida, skal ha vore både framtidsretta og visjonær. I ei spennande tid, med utprøving og utvikling av eit nytt og uprøvd skuleslag. I ei bygd med «allsidig og omfattande industri, som berre få bygder hadde» (ref; Møre-Nytt, 1946).
Fyrst i 1953 var det klart for byggestart i Holmane (der skulen ligg i skrivande stund). Elevar ved betongkurset i 1953-1954 gjorde her ein solid innsats, i samarbeid med lokale entreprenørar. Elevar ved tømrarkursa deltok i innreiingsarbeid, taklegging og trearbeid. Byggesteg 1 stod ferdig 1954, og vart fylket sin fyrste yrkesskule lokalisert i eige bygg. Rektor Leif Hovden karakteriserte etableringa som både framsynt og vågal!
Ørsta kompetanse- og kultursenter
I 2026 kan Ørsta vgs endeleg sjå framover mot nybygget til Ørsta Kultur og kompetansesenter, som truleg er innflyttingsklart rundt årsskifte 2028-2029. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dette vert ei ny tid for skulen, og Ørsta i si heilheit. Nytt kulturhus, moderne kinosal, kulturskule og folkebibliotek. Bygget vil strekke seg frå der dagens kulturhus ligg i dag, og mot Anders Hovden gata. Bruksarealert vert på godt over 10 000 kvadratmeter, med kantine, flotte fellesområde og ei innadørs gate gjennom bygget. Eit bygg som knyt skulen endå sterkare i hop med resten av Ørsta. For skulen vil det verte eit stort løft å få moderne verkstadareal til alle programområda våre, tekniske fag, elektro og datateknikk, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag. Gjennom godt gjennomtenkte område for tilrettelagt undervisning, i samarbeid med bedrifter og kommunen, trur vi bygget òg vil gi moglegheiter for eit enno betre tilbod til alle ungdomar og vaksne, med ulike behov. Ørsta vidaregåande skule har eit stort fokus på auka gjennomføring, og jobbar bevisst for gode læreplassar i alle fagområde. Rektor ved Ørsta vidaregåande skule i jubileumsåret er Bjørnar Sæterås frå Volda.
Verdifull kompetanse
Ørsta vidaregåande skule har frå 2025 vore vertskap for den yrkesfaglege vaksenopplæringa på Søre Sunnmøre. Det gir skulen ein positiv gevinst, også i auka elevtal. I tillegg til dei rundt 350 elevane i ordinære Vg1 og Vg2 løp, har vi over femti vaksne elevar. Ei elevgruppe som legg ned ein solid innsats i å skaffe seg fagkompetanse, under kyndig rettleiing av tilsette ved skulen, og i godt samarbeid med arbeidslivet rundt. Elevgruppa vår kjem i frå heile Søre regionen. Størsteparten likevel frå Ørsta og Volda.
Ørsta vidaregåande skule opplever i jubileumsåret stor interesse for tilboda ved skulen. I ei tid der det merkast at samfunnet ser ein auka verdi av yrkesfagleg utdanning og fagkompetanse. Dessverre er trenden her på Sunnmøre, slik det elles er i den vestlege verda; færre fødde born, og mindre årskull. Desto viktigare er eit sterkt og godt yrkesfagleg miljø i Ørsta og på søre Sunnmøre, som bidreg med rekruttering inn mot næringsliv, og velferdsyrker. Skulen ser no framover mot nye tider, og nye moglegheiter til å gi unge og vaksne kompetanse som gir den enkelte og samfunnet verdifull fagkunnskap og ferdigheiter for framtida.
Rektor i 37 år
Då Ørsta vidaregåande skule i 2021 feira 75 år, vart tidlegare tilsette ved skulen intervjua. Ei av dei var Bodil Hovden. Ho fekk, slik ho sjølv sa det, skulemiljøet så å seie inn med morsmjølka! Faren Leif Hovden, er den med desidert lengst fartstid som rektor. I heile 37 år, frå 1946 til 1983. Leif Hovden vart karakterisert som ein pådrivar, entusiast og uredd administrator. Mor Ingrid bidrog ved å jobbe gratis i fleire år, før ho seinare vart tilsett i administrasjonen. Bodil Hovden var sjølv ein engasjert lærar både innan formgjevingsfag, kunsthistorie og språkfag. Ho fortel at faren Leif var eit yrkesmessig førebilete, og som påverka henne i stor grad. Han var lidenskapleg opptatt av skulen og elevane, med mål om alle skulle fullføre utdanninga si mot fagbrev.
Tre skular - blir til ein
Midt på 1990-talet vart dei to vidaregåande skulane i Ørsta, HM- skulen (Helse og miljøfag/»Husmorskulen») og Handverk- og industrifag («Yrkesskulen»), slått i hop. Samtidig som Hjelpepleierskulen i Volda, også vart lagt inn under Ørsta vidaregåande skule. Tre skular med sine utdanningsløp, som til no hadde hatt kvar sine bygg, administrasjon, lærarar, miljø og fagområde. I draumane for den «nye» skulen, låg det allereie då eit håp om nytt felles bygg, med ein samla adminstrasjon og fleire undervisingsrom (sitert Ottar Løvoll, rektor 1994-96) «Utpostane», som då var lokalisert i Nupenbygget i Heggjadalen og Mørebilavdelinga, skulle òg implementerast i nybygget ein venta på.
Programområda
I 2026 har Ørsta vgs fem programfagområder:
Vg1 Teknologi- og industrifag- Vg2 Industriteknologi/ Kjøretøy/Arbeidsmaskiner
Vg1 Restaurant- og matfag- Vg2 Kokk- og servitørfag
Vg1 Helse- og oppvekstfag- Vg2 Helsefagarbeidarfag/ Barne- og ungdomsarbeidarfag /Helseseervicefag
Vg1 Elektro og datateknologi- Vg2 Elenergi- og ekom/Automatisering/ Vg3 Automatiseringsfaget
Vg1 Bygg- og anleggsteknikk- Vg2 Tømrar
VOV - Vidaregåande opplæring for vaksne
Tilbakeblikk på nokre av dei tidlegare utdanningsprogramma ved skulen:
- Betong og tømrarkurs (1946)
- Jarn- og metallkurs/maskin- og mekanikarkurs (1955)
- Elektrikarkurs (1956)
- Kjole- og draktsaum (1959) VK1 Saum
- Laboratoriekurs (1961)
- Formenn/arbeidsleiarar (1962)
- Landbruksmekanisk linje (1962)
- Bilmekanikarlinja (1965)
- Verktymakerlinja (1968)
- Automatiseringsteknisk linje (1981)
- VKI mekanikar (1982)
- 2-årig grunnkurs Energi- og allmennfag (1988)
- Formgjeving- Design- og handverk
- Vg2 Blomsterdekoratør