§ 1 Elevfråvær skal førast fortløpande av faglærar. Det skal førast fråvær for heile undervisningstimar.
Elevar som kjem for seint har rett til å delta i opplæringa. Oppmøte etter at undervisningstimen har starta blir som hovudregel registrert som merknad om forseintkomming. Viss eleven forlet timen etter oppmøte, og blir meir borte enn til stades, kan lærar registrere fråvær. Det skal ikkje registrerast fråvær for undervisningstimen når eleven får merknad om forseintkomming. Fleire merknader kan føre til nedsett ordenskarakter.
Viss forseintkomminga skuldast forhold som er utanfor eleven sin kontroll, som for eksempel at bussen er forsinka, skal ikkje eleven ha merknad.
Ved særlege tilfelle, for eksempel aktivitetar som ekskursjonar og skidagar, vil det vere mogleg å føre fråvær i minutt.
§ 2 Eleven har sjølv ansvar for å dokumentere, eller på annan måte gjere greie for fråværet til sin kontaktlærar. Dokumentasjon skal leggast fram så snart som mogleg.
Er eleven borte heile dagen, skal timefråværet gjerast om til heildagsfråvær.
Kontaktlærar har ansvar for at dokumentasjon blir oppbevart så lenge det er nødvendig. Oppbevaringa skal vere i samsvar med skolen sine rutinar.
§ 3 Eleven må følge med på eige fråvær, og melde frå om eventuell feilføring til faglærar/kontaktlærar. Eleven må også melde frå til kontaktlærar om timefråvær som skal gjerast om til heildagsfråvær. Hovudregel er at melding om feilføring og omgjering av fråvær skal bli gitt innan 2 veker etter fråværsdato.
§ 4 Sluttar eleven i eit fag, skal fråvær førast fram til registrert sluttdato. Bytter eleven fag, skal fråvær i tidlegare fag ikkje følgje med. Det same gjeld elev som skiftar skole.
§ 5 Blir det gitt opplæring i fleire fag samtidig, skal elevane vere kjent med kva fag det blir gitt opplæring i. Eksempel kan vere ekskursjonar, tverrfaglege undervisningsopplegg, fagdagar og liknande. Fråvær vil bli knytt til faga aktivitetane er lagt til.
§ 6 Alt fråvær skal meldast til skolen. Elevar skal melde fråvær i VIS (Visma InSchool).
Eleven eller foreldra skal melde om fråvær til kontaktlærar første fråværsdag. Må eleven forlate skolen grunna sjukdom eller andre årsaker, skal kontaktlærar eller faglærar ha beskjed.
Eleven må legge fram dokumentasjon, eller på annan måte gjere greie for fråværet. Eleven kan dokumentere fråværet på førehand.
Eksempel på dokumentasjon:
- erklæring frå lege eller tannlege
- timekort frå køyreskole
- stadfesting av deltaking på turar eller møter med ulike organisasjonar som korps, idrettslag, foreiningar m.m.
Fråvær som ikkje er dokumentert blir ført som udokumentert fråvær, og rekna inn i fråværsprosent i fag, sjå § 8 i fråværsreglementet. Fråvær som ikkje blir dokumentert, kan føre til nedsett karakter i orden eller oppførsel.
Elevar med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom kan dokumentere fråvær med eigenmelding, eller melding frå foreldre/føresette for umyndige elevar. På førehand må eleven ha lagt fram dokumentasjon på nedsett funksjonsevne, kronisk sjukdom, langvarig behandling eller utgreiing av mogleg sjukdom.
Feriereiser skal reknast som fråvær, og kan ikkje avtalast som organisert studiearbeid.
§ 7 Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset. Eleven må i slike tilfelle legge fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
§ 8 Har eleven meir enn 10 % udokumentert fråvær i eit fag, vil eleven som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
Unntak frå hovudregelen kan gjerast dersom fråværet skuldast:
- sjukdom eller andre helseforhold, som er dokumentert med legeerklæring eller dokumentasjon frå andre som for eksempel helsesjukepleiar, fysioterapeut, tannlege, psykolog, BUP
- velferdsforhold, som for eksempel alvorleg sjukdom i familien, gravferd, omsorgsoppgåver for eigne barn, konfirmasjon
- arbeid som tillitsvald, som for eksempel representant i kommunen sitt ungdomsråd, deltaking på møte eller anna arbeid i Elevorganisasjonen
- politisk arbeid, som for eksempel medlem i kommunestyret, Ungdomspanelet, Ungdommens fylkesting, politiske utval på fylkesnivå, landsmøtedelegat for eit politisk parti, partirepresentant i skoledebattar
- hjelpearbeid, som for eksempel deltaking i leiteaksjonar via humanitære organisasjonar, deltaking i pålagde øvingar/trening til hjelpearbeid i humanitære organisasjonar
- lovpålagt oppmøte, som for eksempel innkalling til rettssak, vitneinnkalling, sesjon
- representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, som for eksempel deltaking på ulike idrettsarrangement/meisterskap/stemne, deltaking på konsertar, kunst- eller kulturarrangement
- opp til to dagar i samband med ei religiøs høgtid utanom Den norske kyrkja, jf. opplæringsforskrifta § 9-53
- delar av obligatorisk trafikkopplæring til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskrifta § 11-6 og § 11-8, og opplæringsforskrifta § 9-8 andre ledd
Fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom kan dokumenterast med eigenmelding frå myndige elevar eller eigenmelding frå foreldre/føresette for umyndige elevar. På førehand må eleven ha lagt fram uttale frå lege eller anna helsefagleg sakkyndig kor nedsett funksjonsevne, kronisk sjukdom, langvarig behandling eller utgreiing av mogleg sjukdom er dokumentert. Ny uttale frå lege eller anna helsefagleg sakkyndig må leggjast fram når rektor krev det.
§ 9 Rektor kan avgjere at ein elev som har opptil 15 % udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglærar må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-1.
§ 10 Elevar skal alltid ha skriftleg varsel straks det er fare for å ikkje få vurdering med karakter i eit fag, jf. opplæringsforskrifta § 9-7. Dersom eleven ikkje er myndig, skal også foreldra/føresette varslast. Varsel skal sendast i god tid. Hensikta med varselet er at eleven framleis skal ha moglegheit til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
Dersom ein elev har fått varsel etter opplæringsforskrifta § 9-7 og ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag, skal rektor gjere enkeltvedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget, jf. opplæringsforskrifta § 9-16. Før det blir gjort enkeltvedtak bør eleven få anledning til å legge fram dokumentasjon for fråværet.
Enkeltvedtaket skal vere skriftleg og sendast til eleven. Enkeltvedtaket skal også sendast til foreldre/føresette viss eleven ikkje er myndig. Informasjon om moglegheit til å klage skal følgje med. Ei eventuell klage skal sendast til skolen.
§ 11 Er eleven borte frå opplæringa grunna ein rettighet dei har etter opplæringslova, skal ikkje fråværet telle med i fråværsgrensa. Slikt fråvær kan for eksempel vere:
- rådgiving på skolen/avtale med rådgivar
- utredning som blir gjennomført av PP-tenesten eller Statped
- elevrådsarbeid, skoleadministrativt arbeid og deltaking på elevting i regi av Elevorganisasjonen og liknande, som er godkjent av skolen
- avtalt samtale med rektor eller andre tilsette
- intervju til læreplass
- særskilt, ny og utsett eksamen. Viss eleven ikkje møter til eksamen skal det bli ført fråvær.
- privatisteksamen, viss den inngår i fagvalet til eleven og eleven treng eksamen for å få vitnemål
- organisert studiearbeid som er avtalt med faglærar, kontaktlærar eller rektor i forkant. Med organisert studiearbeid meiner ein delar av opplæringa der eleven etter avtale med skolen arbeider på eiga hand for å nå læreplanmåla. Studiearbeidet skal vere organisert eller tilrettelagt av skolen i større eller mindre grad for klassar, grupper eller enkeltelevar. Dette blir rekna som ein del av den ordinære opplæringa og blir derfor ikkje rekna som fråvær.
- opplæring i heimen eller på institusjon på grunn av langvarig sjukdom eller liknande. Dette blir rekna som ein del av den ordinære opplæringa og blir derfor ikkje rekna som fråvær.
- dersom fråvær frå opplæringa skuldast situasjonar/forhold som openbart ligg utanfor eleven sin kontroll, for eksempel stans eller forsinkingar i kollektivtrafikken, kan rektor avgjere at det likevel ikkje skal førast fråvær.
§ 12 Eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom årsaka til fråværet er:
- sjukdom eller andre helseforhold som er dokumentert, sjå fråværsreglementet § 13
- velferdsforhold
- arbeid som tillitsvald
- politisk arbeid
- hjelpearbeid
- lovpålagt oppmøte
- representasjon på arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå
- elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan krevje at fråvær på opp til to dagar i samband med ei religiøs høgtid ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset. Dette gjeld berre innanfor ramma på ti skoledagar.
Krav med tilhøyrande dokumentasjon bør komme frå eleven snarast mogleg etter fråværet.
Eksempel på årsaker etter § 12 bokstav a-g, sjå fråværsreglementet § 8 bokstav a-g.
§ 13 Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.