Biblioteket ved Ørsta VGSSkulen har ikkje eigen skulebibliotekar eller bibliotek-lokale, så det er konsulentane i administrasjonen som har ansvaret for bøkene. Alle bøkene er registrert i biblioteksystemet Bibliofil. Utlånsreglement for skulebibliotekAlt materiell som vert lånt ut av skulebiblioteket, også lærebøkene, er skulen sin eigedom. Det du låner skal leverast inn til avtalt tid og i god stand. Det betyr at du ikkje skal skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene. Bøkene skal ikkje mangle sider, ha vatnskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje. Lærebøker: For å hindre forbytting og unødig slitasje bør lærebøkene få på bokbind, og dei skal merkast med namnet ditt i permen av boka. Du er sjølv ansvarleg for alt som vert lånt ut på namnet ditt. Dersom det du har lånt går tapt eller blir øydelagt, må det erstattas. Dersom materiellet framleis ikkje blir levert, eller rekninga ikkje blir betalt, vil inkassokrav bli vurdert. Etter 3 purringar frå skulebiblioteket, utan reaksjon frå låntakaren, vert det sendt rekning ut frå gjeldande erstatningssatsar. Dersom materiellet framleis ikkje vert innlevert, eller rekninga ikkje betalt, vil ein sende inkassokrav.