Velkomne til hospitering!
Vi er svært glade for at så mange elevar frå tiande trinn på Søre Sunnmøre vel å besøke skulen vår i veke 46!
Vi vil gjere vårt beste for å gi dykk eit godt innsyn i, og ei god oppleving av innhaldet i ein skuledag hjå oss. Vi vil fortelje om kva yrkesfagleg utdanning går ut på, og dei ulike mogleheitane for vegen vidare mot læreplass og fullført yrkeskompetanse.
Viktig informasjon
- Vi tek i mot dykk den dagen de kjem til ein felles oppstart kl. 09:15 på D-bygget
- Vidare går de i samla flokk til aktuelt klasserom/verkstad, saman med ein lærar frå kvart programområde
- Felles matpause kl. 11:30-12:00
Det er ikkje kantinedrift ved Ørsta vgs, ta difor med eigen matpakke og drikke - Ta gjerne med skriveutstyr
- Dei som treng verneutstyr, får låne det med skulen
- Skuledagen vert avslutta kl. 13:30
Besøksdagar på dei ulike programområda våre:
Måndag 10. november:
Teknologi- og industrifag
Elektro- og datateknologi
Helse- og oppvekstfag
Tirsdag 11. november:
Bygg- og anleggsteknikk
Teknologi- og industrifag
Elektro- og datateknologi
Helse- og oppvekstfag
Onsdag 12. november:
Teknologi- og industrifag
Elektro- og datateknologi
Helse- og oppvekstfag
Torsdag 13. november:
Bygg- og anleggsteknikk
Teknologi- og industrifag
Restaurant- og matfag
Helse- og oppvekstfag
Fredag 14. november:
Restaurant- og matfag
Helse- og oppvekstfag