Samarbeid mellom heim og skule

God informasjonsflyt og kommunikasjon mellom heim og skule bidreg positivt til elevane si læring og utvikling. Har du faglege eller sosiale spørsmål om skulekvardagen: Vend deg alltid til kontaktlærar først. Ha ein låg terskel for å ta kontakt. 
Les om samarbeid mellom heimen og skulen her.

Samarbeid heim og skule etter fylte 18 år

Når eleven har blitt 18 år, har skulen teieplikt og foreldre har ikkje lenger tilgang til informasjon om eleven i InSchool. I mange tilfeller vil det vere til eleven sitt beste at skulen samarbeidar med foreldre også etter at eleven er blitt myndig. For å gjere dette, må eleven fylle ut samtykkeskjema.

Eleven må deretter gje tilgang til kontaktpersonen sin i InSchool frå “Min profil” og “Kontaktpersontilgang”. Eleven kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.

Samtykkeskjema

  • Elev under 18 år brukar skjemaet berre dersom det skal givast samtykke til tilgang for andre omsorgspersonar enn foreldre, t.d. fosterforeldre. Då må både eleven og omsorgspersonen fylle ut og sende inn skjema for å gi sitt samtykke til registrering av personalia.
  • Elev over 18 år brukar skjemaet for å gje samtykke til tilgang for foreldre eller andre omsorgspersonar.  Då må både eleven og omsorgspersonen fylle ut og sende inn skjema for å gi sitt samtykke til registrering av personalia.

 

Her finn du samtykkeskjema