Klassene vg1 Bygg- og anleggsteknikk og vg2 Tømrar ved Ørsta vidaregåande skule kan ta på seg mindre, eksterne byggeoppdrag som passar inn i den pedagogiske opplæringa og kompetansemåla i læreplanen. Oppdraga skal gje elevane relevant praktisk erfaring og bidra til å utvikle yrkesfagleg kompetanse i tråd med emnets innhald. For at elevane våre skal få ei allsidig og praksisnær opplæring, ynskjer vi at dei får delta på mindre og reelle byggeprosjekt.
Ynskjer du å nytte deg av tilbodet vårt, kan du sende ein førespurnad til skulen. Avtale om leveransens omfang - som materiale, utstyr, bruk av verktøy, transport og liknande - samt kostnadar, vert inngått ved kontraktsskriving i tråd med gjeldande retningslinjer.