VIP-veka nærmar seg

Sidan 2009 har Ørsta vidaregåande skule gjennomført VIP (Veiledning og Informasjon om Psykisk helse) for alle vg1 elevane våre. I år vert denne veka arrangert 20-24 oktober, veke 43. 

VIP Snakk om det, er eit program om psykisk helse med målgruppe vidaregående-elevar. Det gjennomførast på skulen av lærarar og ressurspersonar frå helse- og sosialfeltet. På Ørsta vgs får vi besøk av fleire frå tenesta for Psykisk helse og rus, barnevernet, helsesjukepleiarar og studentar.  Dette er ei veke der elevane får utdelt materiell og arbeider med dette heile veka (lenke til vip elevhefte). 

På skulen lærar ein mykje om ulike fag. Men det er også viktig å lære noko om det å vere menneske - om tankar, kjensler og tilhønet vårt til andre. 

I samband med denne veka kjem Eirik Lundblad for å halde foredraget “Korleis bygge indre styrke nå verda kjennes utrygg”, for elevane. Tysdag 21. oktober held han gratis foredrag for foreldre, fagfolk og andre engasjerte støttespelarar for ungdommen på TIK Café og Restaurant kl. 17.30.

Lenke til arrangementet