Vil du bli vår nye kollega?

Har du lyst til å bli ein del av arbeidsmiljøet ved Ørsta vidaregåande skule? Vi har fleire ledige stillingar! No har vi fleire spennande moglegheiter for deg som ønskjer å jobbe med ungdom, utdanning og utvikling!

Ved Ørsta vgs blir du ein del av eit arbeidsfellesskap med brei kompetanse, godt samarbeid og eit felles engasjement for elevane våre. Vi er ein skule der vi kjenner kvarandre godt, og der vi saman jobbar for å skape gode læringsmiljø og framtidsretta yrkesutdanning. Kanskje er det nettopp deg vi ser etter? Akkurat no søkjer vi etter nye medarbeidarar til desse stillingane:

Prosjektleiar formidlingsarbeid - 100%  engasjement

Søknadsfrist: 22. november 2026
Vil du vere med på å utvikle framtidas yrkesfaglege opplæring på Søre Sunnmøre? Vi søkjer ein prosjektleiar som skal styrkje samarbeidet mellom ungdomsskular, vidaregåande skule og arbeidsliv. Målet er å skape gode overgangar frå ungdomsskule til fagbrev og bidra til at fleire ungdomar får læreplass.

Les meir om stillinga og søk her

Faglærar i helse- og oppvekstfag - 100% fast

Søknadsfrist: 15. november 2026
Har du barnehagefagleg utdanning og lyst til å dele kompetansen din med framtidas barne- og ungdomsarbeidarar? Vi søkjer ein faglærar til VG1 helse- og oppvekstfag og VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Her får du vere ein del av eit godt fagmiljø og bidra til praksisnær undervisning og utvikling av fagområdet.

Les meir om stillinga og søk her

Tilkallingsvikarar

Søknadsfrist: Blir vurderte fortløpande
Vi har også behov for tilkallingsvikarar innan fleire av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma våre og i fellesfag som norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnskunnskap.

Har du relevant utdanning eller erfaring, og kunne tenkje deg å prøve deg som lærar? Vi ønskjer gjerne å kome i kontakt med deg! Dette kan også passe for deg som ønskjer å jobbe ved sidan av anna arbeid eller studium.

Les meir om stillinga og søk her

Bli ein del av laget vårt!