Vellukka trafikktryggingsdag

18.august samla vi VG1-elevane våre til ein viktig og lærerik dag med trafikktryggleik i fokus.

Trafikktryggingsdagen gav elevane høve til å lære meir om trafikktryggleik gjennom praktiske aktivitetar, gode samtalar og møte med fagfolk. Målet var å gi elevane større medvit rundt korleis dei kan ta tryggare val i trafikken, og kor viktig det er å ta vare på kvarandre.

Gjennom dagen fekk elevane møte fleire ulike aktørar som arbeider med trafikktryggleik og beredskap. Dei fekk både praktisk erfaring og høve til å stille spørsmål og få innblikk i dei ulike perspektiva på trafikktryggleik.

 


Ein slik dag hadde ikkje vore mogleg utan dei dyktige og engasjerte samarbeidspartnarane våre: Tusen takk til NAF avd. Søre Sunnmøre, Statens vegvesen, Ørsta brann og redning, Søre Sunnmøre legevakt, NMCU Møre og Romsdal og Politiet for at de stilte opp og bidrog! De gjorde dagen lærerik, relevant og viktig for elevane våre. De gjorde dagen lærerik, relevant og viktig!