Vi har lagt opp til ei omvising på alle avdelingane, der vi viser noko av det vi arbeider med til dagleg på dei ulike yrkesfagretningane:
Bygg- og anleggsteknikk
Elektro og datateknologi
Helse- og oppvekstfag
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
Oppmøte er kl. 09:20 der klassene/gruppene møter slik:
-Volda ungdomskule, Dalsfjord skule og Folkestad ungdomsskule: utanfor hovedinngang A-bygg (nærmast Ørstahallen).
- Hornindal, Vartdal, Sæbø skule, Volda læringssenter og Ørsta opplæringssenter: i resepsjonen A-bygg (nærmast Ørstahallen).
- Ørsta ungdomsskule, klassene D og E: i resepsjonen A-bygg (nærmast Ørstahallen).
- Ørsta ungdomsskule, klassene A, B og C: hovedinngang D-bygget (nærmast Kulturhuset).
Her blir gruppene henta og går samla til første stasjon/avdeling, og er klare der når omvisinga startar kl.9.30. De vil bli vist til neste stasjon.
Det er lagt opp til 30 minutt matpause i tidsromet kl.11.35 til 12.05. Elevane må ha med seg matpakke og drikke då det ikkje er kantine ved skulen.
Velkomne til ein lærerik og hyggjeleg dag på Ørsta vgs!