Velkomen til informasjonsmøte for føresette

Som føresett er du viktig for ungdommen din, også når dei går på vidaregåande. Vi ønskjer eit godt samarbeid mellom heim og skule, og inviterer difor til informasjonsmøte.

Måndag 31. august

Denne dagen er det møte for føresette til elevar på:

  • Helse- og oppvekstfag
  • Restaurant- og matfag
  • Elektrofag

VG1: kl. 17.00–18.00
VG2: kl. 18.30–20.00

Tysdag 1. september

Denne dagen er det møte for føresette til elevar på:

  • Teknologi- og industrifag
  • Byggfag

VG1: kl. 17.00–18.00
VG2: kl. 18.30–20.00

Møtet startar med ein felles informasjonsdel på D-bygget (Anders Hovden-gata 9). Etter den felles informasjonen blir det avdelingsvise møter i aktuelle undervisningslokale rundt om på skulen.

Vi ønskjer alle føresette velkomne til ein informativ og god start på skuleåret!