Vegard kan hjelpe deg å finne vegen

Hels på kollegaen vår, Vegard Flø! Er du usikker på kva du skal gjere her i livet, så kan du ta kontakt med han eller kollegaene hans i Karriere Møre og Romsdal. Der kan du nemleg få karriererettleiing, heilt gratis!

Jobben hans er å stille gode spørsmål.

-Eg vil få folk til å reflektere, bli kjent med seg sjølv og mogelegheitene som finst i utdanning og arbeidsmarknaden, seier Vegard.

Og det likar han godt. Han likar å bidra til at nokon opplever ei utvikling, og ser nye sider ved seg sjølv.  Noko av det beste er når han møter dei han tidlegare har rettleia som har funne ein jobb dei trivst med og ropar ’Tusen takk for hjelpa’.

Han rettleier både enkeltpersonar og grupper, held jobbsøkarkurs og driv med kompetanseheving av rådgivarar i skolen og NAV.

Mange seier det grenser opp mot terapi.

-Det er det ikkje, men det kan likevel ha ein terapeutisk effekt  Vi er så fokuserte på og nysgjerrige på dei vi samtalar med, og det er det mange som ikkje er vane med.

Det er eit stort sprik i kven han møter, frå folk med doktorgrad til analfabetar. Og det er ikkje berre berre å omstille seg og finne orda som passar. Han møter personar både i og utan arbeid, dei som må eller ønsker å prøve noko nytt og studentar. Han møter flyktningar frå heile verda.

Korleis gjer du det?

-Eg legg vekt på å bygge tillit, for at dei skal kunne kjenne seg trygge og dele.

Med den store menneske-mangfaldet han møter, er det kanskje nyttig at han sjølv har vore innom litt av kvart. Den raude tråden i cv’en hans er nemleg ‘variasjon’. Han er oppvaksen på gard, og han har vore i Forsvaret, utdanna seg til sveisar og studert økonomi og administrasjon. Han har jobberfaring frå restaurantbransjen, møbelproduksjon til arbeidsinkludering.

Vi er glade for å ha personutviklaren Vegard med oss på laget.

Lurer du på kva veg du skal ta, så book ein time med Karriere Møre og Romsdal, ei teneste gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune.