Trafikktryggleik frå første skuledag
Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune er initiativtakar og hovudarrangør for trafikktryggingssatsinga ved skulestart. Ved Ørsta vidaregåande skule vert satsinga gjennomført som ein heil dag for alle elevar på VG1.
Gjennom dagen får elevane møte ulike aktørar som arbeidar med trafikktryggleik, beredskap og behandling av skadde. Det vert fleire postar rundt omkring på skulen, med både praktiske øvingar og erfaringsdeling.
Politiet, Statens vegvesen, NAF, køyreskule, akuttmottaket og brannvesenet er blant aktørane som deltek, saman med Samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.
Elevane får mellom anna prøve seg på førstehjelp og redning med brannvesenet. Dei får også sjå og erfare kva konsekvensar ulike situasjonar og val kan ha i trafikken. Målet er å gje ungdomane kunnskap og praktisk erfaring som kan gjere dei til tryggare trafikantar - og betre rusta dersom uhellet første er ute.
Inviterer foreldra med
Trafikktryggleik handlar også om dei gode samtalane heime. Som ein del av satsinga arrangerer Samferdselsavdelinga eit digitalt foreldremøte onsdag 19. august kl. 18.00-19.00.
Informasjon og påmelding her
I løpet av ein time får du:
- enkle sjekklister for dekk, bremser, kjetting og utstyr
- tips til korleis ein kan snakke med ungdom om trygg MC-køyring
- faglege råd frå nokre av landets fremste ekspertar
Føredragshaldarar
Møtet vil ha innlegg frå sentrale aktørar innan MC-sikkerheit:
- Jan Petter Wigum – universitetslektor ved Nord universitet, avdeling trafikkfag. Ein av dei fremste MC-ekspertane i landet og forskar på MC-sikkerheit.
- Olea Kvalsvik – styreleiar i Norsk Motorcykkel Union og president i Federation of European Motorcyclists’ Association. Ei sentral stemme for om lag 40 millionar motorsyklistar i Europa.
- Arild Lind – dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union. Representerer over 7 100 medlemmar og har vore ein viktig bidragsytar til MC-sikkerheit sidan 1972.
- Marit Flemmen – representant for Norsk MC Forhandlerforening. Arbeider for gode vilkår for både brukarar og forhandlarar, og for å styrkje samarbeidet med styresmaktene.
- Bård Morten Johansen – fagsjef for trafikksikkerheit i Trygg Trafikk. Har ansvar for forsking og kunnskapsutvikling om mellom anna trafikantåtferd, infrastruktur og køyretøyteknologi.
Læring gjennom erfaring
Ørsta vidaregåande skule arrangerte trafikktryggingsdag også i fjor. Rektor Bjørnar Sæterås ynskjer at alle nye VG1-elevar skal få eit felles utgangspunkt ved skulestart: «På skulen har vi mange motorinteresserte ungdomar, som har stor glede av interessa si. Denne dagen håper vi kan vere med på å redusere risikoåtferd i trafikken».
Dagen inneheld meir enn trafikkreglar og teori. Gjennom praktiske øvingar, erfaringsdeling og dialog mellom aktørane, er målet at dette kan bidra til lågare risiko for alvorlege skader i trafikken. Og at ein veit litt om kva ein skal gjere, om ulykka skjer - anten ein er sjåfør, passasjer, syklist eller fotgjengar.
Frå Ørsta vidaregåande skule er bodskapen enkel: Vi har ingen å miste.