Siger i fylkesmesterskapet i helsearbeiderfaget

Onsdag 11. februar vart fylkesmeisterskapet i helsearbeidarfag arrangert. Der stakk Ørsta-elevane Karianne Bjørneseth og Celina Tangen av med sigeren!


Karianne Bjørneseth og Celina Tangen går begge to på VG2 Helsearbeidarfag, og gjekk onsdag til topps i fylkesmeisterskapet. Meisterskapet blei gjennomført i samarbeid med Borgund vidaregåande skule, Fagforbundet, Delta og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

I konkurransen møtte dei 78 år gamle “Ellen” (spelt av Wenche Hol frå Fagforbundet) heime i leiligheta hennar. Der skulle dei mellom anna hjelpe henne med enkelt stell, måling av blodsukker, påkledning og ernæring. Gjennom aribedet med ein slik realistisk pasientcase, framføring på scene og fagsamtalar med dommarar etterpå, fekk dei testa både kunnskap og samarbeidsevner.

Vinnarane peika på at god rettleiing frå lærarane har vore avgjerande. Lærarane Charlotte Rafteseth og Evy Marie Kolltveit Dimmen har vore flinke til å leggje til rette så Bjørneseth og Tangen har fått øve godt.  Jentene fekk oppgåva ein månad før, og har brukt tida på å setje seg inn i situasjonen, lage planleggingsskjema og fordelt oppgåvene mellom seg. Praksiserfaring og moglegheita til å prøve ulike retningar innan helse, barnehage, ambulanse og andre instituasjonar på VG1 har gjort jentene trygge på at helsearbeidarfaget var det rette valet.

Ein inspirerande prestasjon - og eit godt døme på kor viktig praktisk læring og engasjement er i helseutdanninga. No er jentene klare for skule-norgesmeisterskapet i Fredrikstad i april. Vi ynskjer dei lukke til!