Skuleåret 2025-2026 startar vi opp med følgande tilbod:
Helsearbeidarfaget, modulstrukturert opplæring vert starta under forutsetning av samarbeid med opplæringsbedrifter
Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Ressurssenteret har mål om å utvide tilbodet skuleåret 2026-2027.
Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Du kan ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne (vaksenrett) dersom:
- du ikkje har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring
- du har fylt 19 år
- du har fullført grunnskuleopplæring i minst ni år eller tilsvarande
- du ikkje har utdanning frå utlandet som kan godkjennast som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg
- du har gyldig opphaldsløyve
- du er folkeregistrert i Møre og Romsdal
- Vi anbefaler at du har norsk på nivå B1 før du startar med opplæringa
Rett til rekvalifisering for vaksne
Dersom du har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, har du rett til vidaregåande opplæring fram til ein ny sluttkompetanse (fag-/sveinebrev) i eit yrkesfag. Dette gjeld innanfor faga fylkeskommunen tilbyr, med mindre du er tilsett i ei bedrift som kan gje i opplæring i eit anna fag.
Du bør ha praksis i det faget du ynskjer opplæring i.
Realkompetansevurdering
Eit viktig prinsipp for vaksenopplæring er realkompetansevurdering. Den samla kompetansen og erfaringa di frå skule, arbeid og samfunnsdeltaking vert vurdert med mål om å kartlegge restbehovet for utdanning. Det vert utarbeida ein individuell utdanningsplan for deg med utgangspunkt i ønska sluttkompetanse.
Eigne klasser for vaksne
Det vert komprimert undervisning ved skolen, ein til to dagar i veka. Utdanninga kan kombinerast med arbeid og omsorgsoppgåver. For sluttkompetansen barne – og ungdomsarbeidar skal det gjennomførast praksis i bedrift, samt læretid i bedrift. For sluttkompetansen helsefagarbeidar vil læreplanane vere modulstrukturerte, som inneberer at hovuddelen av opplæringa vil foregå i bedrift.
Utvidig av tilbod
Ta kontakt med ressurssenteret og eventuell opplæringsbedrift for å undersøke moglegheit for andre utdanningstilbod. Desse 13 lærefaga har tilbod om modulstrukturert opplæring: udir.no
Søknadsprosessen
Du kan søke om videregående opplæring for vaksne på vigo.no, og det er framleis mogleg å søke om opptak for skoleåret 2025-2026.
Du kan lese meir om vidaregåande opplærng for vaksne, realkompetansevurdering, søknadsprosessen m.m. her.
Ta gjerne kontakt med leiar og kontaktperson for Ressurssenteret Søre Sunnmøre for meir informasjon:
Ester Alnes Osnes
Mobil: 971 00 834
E-post: ester.alnes.osnes@mrfylke.no