Dato: Onsdag 24. og torsdag 25. september
Stad: Volda Campus Sparebank 1 Arena
Ørsta vidaregåande skule er godt representert på Karrieredagane, i lag med dei andre vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre, opplæringskontor og bedrifter.
Du finn oss på fem ulike standar, knytt til dei fem programområda våre:
- Restaurant-og matfag
- Helse-og oppvekstfag
- Bygg-og anleggsteknikk
- Elektro-og datateknologi
- Teknologi- og industrifag
Målet med karrieredagane er å gi tiandeklassingane eit realistisk og levande bilete av kva moglegheiter og karrierevegar som finst i regionen vår. Det gjer vi ved å vise fram mangfaldet som er i næringslivet både i privat og offentleg sektor, og motivere elevane til å ta det rette valet av vidaregåande opplæring.
Vi ser fram til å møte tiandeklassingar frå heile søre Sunnmøre!