Internasjonalisering våren 2025

I mars sendte Ørsta vidaregåande skule over 20 elevar frå utdanningsprogramma helse- og oppvekst, byggfag, elektro og bilfag ut på arbeidspraksis i Albir i Spania og Gdansk i Polen.

Helsefaglærar Hilde Aaslid, som fylgde elevar til Spania, seier at det var ein kjekk og sosial gjeng å reise med. Ho hadde med seg elevar frå helse- og oppvekst, byggfag og elektro. Ho seier at allereie halvvegs i praksisperioden var elevane godt kjent på arbeidsplassane sine. Dei fekk veldig gode tilbakemeldingar frå dei ulike bedriftene. Dei deltok på spanskkurs og testa ut spansken sin på jobb og på fritida. Dei utforska Albir og området rundt. Elevane fekk oppleve kultur og korleis det er å leve og bu i Spania.

 

Reisebrev frå Nikolai Bjørdal frå 2ELA - Elenergi og ekom

Kjære Ørsta Vidaregåande

Nikolai lagar paella - Klikk for stort bilete

Eg skriv til dykk på Ørsta vidaregåande frå hotellrommet i L'Albir. L’Albir ligg på Costa Blanca kysten i Spania . Sola varmar godt når den er her som gjer det mogleg å ta ein tur i bassenget eller legge seg ut på solsenga om en føler for det.  Det er mars, men temperaturen minner meir om ein sommardag på sunnmøre , litt regn enkelte dagar som gjer det veldig frodig.

Nikolai saman med arbeidsgivar Pablo - Klikk for stort bilete

L'Albir er ein liten, men sjarmerande stad, kjend for den vakre rullesteinsstranda. I går kveld va vi inne i byen Benidorm og for på arkade ilag med lærarane og resten av elevane. Vi fekk eit lite innblikk i korleis Benidorm er på natta og i forhald til byar rundt her var det heilt annerleides. 

Dagen startar med jobb klokka 08:00, eg jobbar med Electricidad Gustavo Moreno S.L i Alfaz Del Pi. Eg jobbar til klokka er 17:00 frå måndag- Torsdag, fredagar sluttar eg av 14:00. I går fekk eg faktisk smake på Paella (nasjonalretten til spanjolar).  

Nikolai monterer lamper på arbeidspraksis i Albir - Klikk for stort bilete

Livet på hotellet er også fint kan eg sei, eg bur på rom med ein frå klassa og vi er dei einaste frå elenergi som reiser ned, med oss på turen har vi hatt med seks frå TØA og TØB, fire frå 2BUA og tre frå 2HEA. Eg jobbar med ein spanjol som heite Pablo, Pablo er 50 år, kan lite engelsk so kommunikasjonen går for det meste i spansk og google translate. Eg har hatt spansk i 3 år på ungdomskulen so den he komt fint til nytte.

Helsing Nikolai

 

Reisebrev frå Joanna Måen i Gdansk

VG2-elevane frå industriteknologi og køyretøy var på utplassering i Gdansk. Fredag 28. februar reiste seks engasjerte ungdomar frå Teknologi og industrifag (TIF) ved Ørsta vidaregåande skule til Gdansk, der dei skulle vere utplassert i bedrifter i to veker. Prosjektet, som er finansiert med EU-midlar gjennom Erasmus+, inkluderer elevar frå alle VG2-linjene på TIF. Frå VG2 industriteknologi deltok Ingvar Helland, Victoria Leikanger og Jan Øyvind Yri Brandal, medan Marte Rand Berge og Kevin Dittrich representerte VG2 køyretøy, tillegg til Harald Holen frå VG2 arbeidsmaskin. Følgje av elevane inkluderte avdelingsleiar Per Tore Måen, programfagslærar Svein Lonbakken, samt Joanna Hjellebø Måen, som underviser i norsk og samfunnskunnskap. Joanna, som har røter i Polen, var ein ressurs for gruppa, med tanke på språket.

Minneverdige opplevingar

Den første søndagen i Gdansk besøkte TIF-gjengen konsentrasjonsleiren Stutthof, ein påminning om dei grusamme gjerningane utført av nazistane under 2. verdskrig. Leiren husa om lag 120 000 fangar i løpet av dei seks åra den var i drift (1939-1945), og minst 65 000 menneske vart drepne der. Besøket gjorde eit sterkt inntrykk på både elevar og lærarar, og det blei understreka kor viktig det er å lære om historia for å sikre at slike grusomheiter aldri skjer igjen.

Arbeidspraksis

Måndag 3. mars starta TIF-gjengen med arbeidspraksis. Elevane frå industriteknologi og arbeidsmaskin var utplassert i Stal Complex, ein bedrift som ligg ca. 45 minutt køyring frå Gdansk. Stal Complex  er eigd av Dariusz Tiszer, og spesialiserer seg på produksjon av delar til fleire norske kundar, inkludert kundar på Søre Sunnmøre, og tilbyr både CNC-maskinering og sveising. Dette er i tråd med kompetansemåla for VG2 industriteknologi, som inkluderer å utføre produksjonsarbeid og bruke relevante verktøy og maskiner. Elevane frå køyretøy var utplassert i Makurat Group, ein bilverkstad som låg berre 10 minutt gange frå leilegheitene deira i gamlebyen. Kontaktpersonen der var Marcin Wiszora. Her fekk dei praktisere kompetansemåla for VG2 køyretøy, som omhandlar vedlikehald og reparasjon av køyretøy.

Kultur og læring

I løpet av opphaldet fekk elevane også moglegheit til å besøke Illusjons museet i Gdansk  i lag med Joanna, samt Second World War Museum med eigen guide, der Svein Lonbakken, som tidlegare har arbeidet mange år i Gdansk for Kleven Verft AS, delte sin kunnskap om krigshistorie. Søndagen blei avslutta med gocart, noko som alltid er populært blant elevar og lærarar.
Laurdag 9. mars kom lærar Robert Lid for å delta i bedriftsbesøk og ein tur til den vakre Maria-kyrkja i gamlebyen. Torsdag 13. mars returnerte Joanna for å vere med på avslutninga av prosjektet. Fredagen avslutta elevane praksisperioden med ein høgtideleg avslutning på Stal Complex, der dei fekk kaker, kaffi og gåver frå begge bedriftene. I tillegg vart det gitt gåver til begge bedriftene frå skulen sin side mellom anna røykalaks, Snøfrisk frå Ørsta, skjerefjøl med skulen sin logo og anna.

Siste laurdagen besøkte elevane Solidaritetsmuseet, som gjorde eit sterkt inntrykk. Elevane fekk mykje kunnskap om Solidaritetsrørsla starta og kva dei kjempa for.  Til slutt fekk dei også oppleve den vakre kystbyen Sopot og avslutta opphaldet med ein felles middag i Gdansk. Alt i alt var utplasseringsperioden ei lærerik og minneverdig oppleving for alle involverte, og elevane kom heim med nye erfaringar og minner for livet dei neppe kjem til å gløyme.