Vi er svært glade for at mange tiandeklassingar kvart år vel å hospitere ved dei ulike programområda våre, som ei oppfølging av Karrieredagane som dei deltek på no i september. Elevane vel sjølve kva programområde dei vil fordjupe seg i under hospiteringa.
Både elevar og lærarar ved Ørsta vidaregåande skule vil gjere sitt beste for å gi elevane eit godt innsyn og ei god oppleving av innhaldet i ein skuledag, og kva moglegheiter som finnast ved vår skule.
OPPMØTE: Vi tek imot elevane den dagen dei kjem til ein felles oppstart kl.09:15
Etter ei kort økt med informasjon, går dei i samla flokk til aktuelt klasserom/ verkstad i lag med ein lærar frå kvart programområde.
SLUTT: Skuledagen vert avslutta kl.13.30 for alle som er på hospitering, uavhengig av utdanningsprogram.
TA MED! Alle må ha med matpakke, drikke og skrivesaker. Det er ikkje kantine på skulen.
UTSTYR: Er det krav til arbeidsantrekk eller verneutstyr, vil elevane få låne det av skulen.
Velkomne til motiverande og lærerike dagar!