Fornøgde ungdomar etter Yrkesglød‑dagen

Niandeklassingar ved Sæbø, Vartdal og Ørsta ungdomsskule sit att med gjennomgåande gode inntrykk etter Yrkesglød 26. november 2025.

Ørsta vidaregåande skule og Ørsta Næringskontor har nyleg besøkt skulane for å evaluere dagen, som er ein del av prosjektet Samfunnskontrakten.

Totalt deltok 133 elevar og 25 bedrifter, og responsen peikar i same retning: Elevane følte seg sette, ønska og verdifulle i møtet med fagfolka. Både skriftlege svar frå 100 elevar og munnlege tilbakemeldingar frå kontaktlærarane viser eit tydeleg bilete av engasjerte ungdomar som fekk konkret innsikt i moglegheitene innan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved Ørsta vidaregåande skule.

Mange framhevar kor lærerikt det var å få snakke direkte med fagpersonar. «Kjekk prat med fagfolk! Start med dette på 8. trinn!», skriv ein elev. Ein annan løftar fram både læringsutbyttet og miljøet: «Gøy! Masse lærdom – gode forklaringar og svar på det vi spurte om. Likt måten dei snakka til oss elevane på – bra miljø på dagen!»

Praktiske aktivitetar og «ting å prøve» peika seg særleg ut. Elevane meiner slike opplevingar – gjerne med ein liten wow‑faktor – gjer yrkesvala meir konkrete. Gode historier og karrierereiser, både ved postane og frå scena, gjorde også sterkt inntrykk.

Evalueringa viser få, nesten ingen, negative tilbakemeldingar. Tvert om ønskjer fleire elevar at YRKESGLØD skal starte endå tidlegare i ungdomsskulen.