Individuelt utstyr eleven må skaffe sjølv
Utstyrsstipend
Alle elevar i vidaregåande opplæring har rett på utstyrsstipend frå lånekassa. For Vg1 Restaurant og matfag, og Vg2 kokk- og servitørfag er stipendet på kr 6999. Meir informasjon på www.lanekassen.no
Arbeidskle og individuelt utstyr
- 2 stk. kokkejakker, kvit
- 1 kokkebukse, svart
- 2 forstykker, svarte
- 1 stk tørkle, svart
- 1 kokkehatt/lue
- Vernesko, svarte sklisikre
Uniform med skotøy kan kjøpes gjennom Tess eller andre nettbutikkar. Sjekk gjerne fleire alternativ, då det kan vere stor skilnad på pris.
Anna utstyr
- PC –eigen eller kjøp gjennom skulen
- Kalkulator
- Ringperm og skiljeark
- Kroppsøvingsutstyr
- Hodetelefonar, med kabel
Informasjon krav arbeidstøy, hygiene m.m.
- Alle elevar må ha godkjent utstyr for å få delta i den praktiske opplæringa. Arbeidstøyet må også til ei kvar tid vere reint og ordentleg.
- Møter du til undervisning i ureint eller ikkje komplett arbeidstøy vil du ikkje få delta i undervisninga.
- Smykke, armband, øredobber (hengande) og ringer er av sikkerhets- og hygieneårsaker ikkje tillatt i praksisundervisninga.
- Grunna Trygg Mat er det ekstra strenge reglar for skulekvardag og bruk av våre lokaler. Så langt det der mogleg skal elevane bruke tildelt/utlånt utstyr og fast plassering.
Faktura
Du får tilsendt faktura i september for produksjonsråvarekost i undervisninga. Sum kr 3300 for heile året.