Elevmedverknad

Basisgruppemøte/klassemøte 

Basisgruppemøte/klassemøte skal handle om opplæring og arbeidsmiljøet i klassa. Kvar klasse har basisgruppemøte minst ein gong for veka. Det er kontaktlæraren sitt ansvar å gjennomføre basisgruppemøtet, skrive referat og legge det tilgjengeleg i Fronter for elevar og andre lærarar som har gruppa/klassa.

Elevrådsarbeidet

Kvar klasse har plikt til å velje ein tillitselev og ein vararepresentant som skal representere klassa sine interesser i elevrådet. Dersom fleire klasser/basisgrupper innanfor same programområde og på same trinn, vert samde om å velje ein tillitsvald og ein vara, så kan dei det. Men då må dei, i samråd med kontaktlærarane, syte for eit system for god informasjonsflyt. Elevrådet skal arbeide for at læringsmiljøet ved skulen skal bli best mogleg og at elevane skal få ein trygg og god skolekvardag. Elevrådet tek opp saker som elevane er opptatt av og engasjerar seg i. Elevrådet skal ha ein leiar, ein nestleiar, sekretær, evt. kasserar og styremedlemmar. Elevrådet vel også eit elevrådsstyre - elevrådsstyret har eit tett samarbeid med leiinga på skulen.

Skuleutval

Skuleutvalet er eit rådgjevande organ for skulen, med einskild ansvar for kvalitetsarbeidet ved skulen. I skuleutvalet skal det vere to elevrepresentantar. I tillegg har skuleutvalet to eksterne representantar, ein representant for tilsette, ein representant frå foreldre/føresette og rektor er fylket sin representant.

Skulemiljøutval

I skulemiljøutvalet tek ein opp saker som handlar om skulemiljøet til elevane. Både det fysiske og det psykososiale skulemiljøet er i fokus. Vi har valt å fokusere meir på det psykososiale sidan AMU (sjå under) tek føre seg det fysiske arbeidsmiljøet for elevane. Elevane er i fleirtal i skulemiljøutvalet.

AMU - Arbeidsmiljøutvalet

Her sit avdelingsverneomboda frå alle avdelingar, hovudverneombod på skulen, bedriftshelsetenesta, elevrepresentantar og representantar frå skuleleiinga. I AMU tek ein opp saker som handlar om det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet for tilsette og elevar.