Teknologi og industrifag

Du lærer

  • om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • om automatisering og programmering av robotar
  • om maskiner og produksjonsutstyr
  • om køyretøy og transport
  • om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • om helse, miljø og tryggleik

Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere sjølvstendig og nøyaktig
  • vere interessert i ny teknologi

Du kan bli

  • aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeidar
  • verktøymakar, finmekanikar eller låsesmed
  • faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
  • industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
  • bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
  • logistikkoperatør eller yrkessjåfør
  • anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
  • bore- eller brønnoperatør
  • matros eller motormann

Sjå alle yrke og kompetansar

Arbeidsstader

  • teknisk og elektromekanisk industri
  • skipsindustrien eller bilindustrien
  • kjemisk prosessindustri eller tekoindustrien
  • bilbransjen eller oljebransjen
  • vare- eller transportbedrifter

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

Snarvegar