Restaurant- og matfag

Du lærer

  • om kosthald, næringsmiddel og ernæring
  • tillaging og servering av mat
  • behandling av råvarer, mat og drikke
  • om mattradisjonar
  • om helsefremjande livsstil og hygiene

Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt ha handlag
  • vere kreativ og nøyaktig
  • vere serviceinnstilt

Du kan bli

  • kokk, ernæringskokk eller servitør
  • bakar eller konditor
  • pølsemakar eller kjøttskjerar
  • slaktar, butikkslaktar eller sjømathandlar
  • fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjonSjå alle yrke og kompetansar

Arbeidsstader

  • hotell- eller restaurantnæringa
  • sjukehus og helseinstitusjonar
  • næringsmiddelindustrien
  • bakeri, konditori eller slakteri
  • forretningar som sel ferskvarer

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

  • Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
  • Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse- etter Vg2 eller- etter oppnådd yrkeskompetanseDå har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.

 

Snarvegar