Ørsta vgs - vikariat i teknologi- og industrifag (frist 7. jan -22)

Om skulen


Ørsta vidaregåande skule er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom lærar og elev, noko som vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Skulen har kontinuerlig fokus på å utvikle fagmiljøa både internt og samen med eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom skulen sin visjon om "Meistring gjennom aktivitet og utforsking" ynskjer vi å gje elevane våre ei solid læringsplattform der kunnnskap og oppleving kjem i fremste rekkje.

 

Vi søker etter


Faglærar - vikariat i 100 % stilling ved teknologi- og industrifag frå 01.03.22 og ut skuleåret

 

Vi søker deg som


* har relevant utdanning for å undervise ved programområdet teknologi-og industrifag.
* har relevant fagbrev, fortrinnsvis i arbeidsmaskinmekanikarfaget
* har yrkeslærarutdanning, eller anna godkjent undervisningskompetanse med PPU/Y

Praksis innan fagområdet blir vektlagt.

Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skule. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom, og vere ein trygg og tydeleg vaksen.

 

Vi tilbyr


* stor satsing på arbeidsgjevarpoltikk med tiltak for vekst og utvikling
* godt arbeidsmiljø med faglege og personlege utfordringar
* internasjonal satsing og samarbeid
* offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
* løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar

 

Søknad


Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad.

 

Andre opplysningar


Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

 

Søkarliste


Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25-2. Om dette er tilfelle, vil vi kontakte søkaren før offentleggjering.

 

Politiattest


Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Opplæringslova § 10-9

Snarvegar

Kontakt