Ørsta vgs - fast stilling i teknologi- og industrifag (frist 7. jan -22)

Om skulen


Ørsta vidaregåande skule er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom lærar og elev, noko som vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Skulen har kontinuerlig fokus på å utvikle fagmiljøa både internt og samen med eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom skulen sin visjon om "Meistring gjennom aktivitet og utforsking" ynskjer vi å gje elevane våre ei solid læringsplattform der kunnnskap og oppleving kjem i fremste rekkje.

Vi søker etter


- lærar i 100 % fast stilling hos avdelinga Teknologi- og industrifag

Tiltreding 01.04.22 - eller tidlegare

Vi søker deg som


- har yrkesfaglærarutdanning eller anna godkjent undervisningskompetanse med PPU-Y innanfor fagområdet
- vi oppmodar særskilt dei som har fagbrev innan sveisefag eller industrimekanikarfag/ CNC maskinarbeidar om å søkje

Praksis innan fagområdet CNC vert vektlagt.

Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skule. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom, og vere ein trygg og tydeleg vaksen.

Dersom det melder seg søkjarar som ikkje fyller kompetansekrava - kan søkjarar som har fagbrev, men manglar YFL/PPU-Y, tilsetjast under visse vilkår. UDIR har stipendordning for tilsette som manglar slik utdanning.

Vi tilbyr


- stor satsing på arbeidsgjevarpoltikk med tiltak for vekst og utvikling
- godt arbeidsmiljø med faglege og personlege utfordringar
- internasjonal satsing og samarbeid
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar

Andre opplysningar


Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søkarliste


Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25-2. Om dette er tilfelle, vil vi kontakte søkaren før offentleggjering.

Politiattest


Den som blir tilsett må levere politiattest.

 

Søknadsfrist 07.01.22

Utlyst 21.12.21

Snarvegar

Kontakt