Måtte bygge ny verkstad

Skuleåret skulle starte. Lokalet sto tomt. Ikkje ein einaste maskin venta på dei 12 elevane som skulle ha undervisning.

Skriv ut

Hausten 1989 kom tidligare elev ved Ørsta vidaregåande skule, Magnar Kjellstadli, tilbake til skulen etter 20 år i privat næring som mekanikar. No skulle han stå bak maskinene og undervise. Det var berre eit problem…

 

Lærerikt

Dei nye lokala for landbruksmekanisk utdanning i Mørebil-bygget sto tomme.

- Det fyrste halve året brukte vi mykje tid på lage arbeidsbenkar, trillebord og planlegge den nye verkstaden. Det vart ei stor utfordring for ein uerfaren lærar i sitt fyrste år. Det viste seg å verte ein veldig positiv oppleving for alle, for det var lærerikt og elevane fekk god innsikt i mange forskjellige prosessar dei elles ikkje ville fått moglegheit til, seier Kjellstadli.

- Det var flott å sjå at så fort elevane var ferdig med eit oppdrag, så kom dei og ba om eit nytt. Det var veldig motiverande for meg som lærar. Du gjer jo alt for å leggje til rette og bidra til at elevane skal få ein god skulekvardag. Vi slapp å mase for å få dei til å gjere noko. 

Men sidan situasjonen var slik, sa det seg sjølv at kvardagen ikkje berre var enkel.

- Lærarane jobba hardt heile tida for å få nok ressursar til å få det utstyret vi måtte ha for å gi den praktiske undervisninga elevane hadde krav på. Det er klart at det ikkje var alle som forsto kor viktig det var med rett utstyr.

 

Lærlingplassar

Det gjorde også at dei vart avhengig av ein ting, som har vore, og er svært viktig for skulen. Lærlingplassar.

- Skulen hadde avtalar med bedrifter før eg kom inn som lærar. Vi prøvde forskjellige ting, ei veke, to veker, nokre dagar i vekene, men fann til slutt ut at det beste var at dei fekk heile veker. Det ville òg bedriftene, for då fekk elevane vere med på heile reparasjonar, frå start til mål. Det var mykje utstyr vi ikkje klarte å finansiere på skulen, så det var heilt avgjerande å ha eit slikt samarbeid med lokale bedrifter. Det at elevane var utplassert i periodar var positivt for både elevane og bedriftene, for då fekk dei lære elevane å kjenne og finne ut om dei passa inn der.

Kjellstadli peikar på kor viktig det er med ei praktisk tilnærming til dei ulike faga.

- Det mest givande ved å vere lærar på Ørsta vidaregåande skule var å sjå at elevane fekk ting til. Spesielt på praktisk eksamen. Vi laga eit system der eksamen var lik ei fagprøve. Elevane måtte planlegge jobben dei skulle gjere, så gjennomføre før dei dokumenterte kva dei hadde gjort. Det vart utarbeidd eit skjema slik at det ikkje skulle bli for mykje skriftleg. Det var veldig kjekt å sjå at det var mange elevar som kom frå ungdomsskulen og ikkje hadde lukkast der, men som blomstra skikkeleg då dei fekk praktisk oppgåver.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.