Lærlingar styrkar bedrifta vår

Far og son. Sjef og tilsett. Begge har gått same veg. Via yrkesskulen. Og dei er svært medvitne på at lærlingar er noko bedrifta må ha.

Skriv ut

Ivar var elev ved Ørsta vidaregåande skule, gjekk så på teknisk fagskule, før han i ein kort periode var tilbake på skulen i Ørsta. Men då som lærar, samstundes som han jobba i Ivar Aambakk AS. Sonen Martin var også elev ved yrkesskulen. Så vart han lærling i familiebedrifta, før han søkte meir kunnskap ved NTNU i Ålesund. Ved fullført skulegong drog han attende til Rystelandet med faren som sjef. Vegen far og son har gått er lik. Det er nok ikkje heilt tilfeldig.

- I utgangspunktet har eg aldri lagt noko press på Martin, for han har sjølvsagt hatt lov til å ta dei val han sjølv ynskte. Martin har det i blodet, så då sa det seg kanskje sjølv. Men det er hans eige val, for eg har aldri lagt nokon føringar, seier Ivar, som er daglig leiar for bedrifta. Det var faren, som også heiter Ivar, som starta bedrifta. Sjølv om eldstemann er pensjonist, så kjem han på jobb, slik at det til tider er tre generasjonar til stades. 

Ein god skule

Dei sit på kvar sin ende av møtebordet i kontorlokala, og det er lett å sjå at far er stolt av at sonen har følgt etter i hans fotspor. Og spesielt over at han valde yrkesskulen i heimbygda Ørsta.

- Eg syns det er kjekt at det vart yrkeskulen, for det er ein god skule. Der er det mange flinke lærarar. Når du i ung alder skal bestemme deg for ei retning, så synes eg det er flott at det er ein slik skule i nærleiken, for då får ein sjansen til å prøve det ut. Eg har sjølv berre gode erfaringar frå skulen. Det er heller ikkje tilfeldig at dei fleste som jobbar her, har gått på skulen.

- Slik vi føler det, så har det veldig stor betydning å ha ein skule i nærleiken som har kjennskap til den lokale industrien. Det hadde nok vore vanskeleg å ha eit tett og nært forhold til ein skule som ligg fjernt herifrå. Skulen betyr mykje for næringslivet i regionen, legg Ivar til.

Praktisk erfaring

Martin tok avgjerdsla tidleg. Han skulle bli ingeniør. Det kunne fort ført med seg at han hadde valt ein anna veg enn yrkesfagleg utdanning, men samtidig er han ikkje i tvil om at han gjorde det rette. 

- Eg vurderte vidaregåande i Volda, slik at eg skulle bli ferdig med generell studiekompetanse fortast mogleg. Då ville eg ha vore ferdig på NTNU eitt år tidligare. Men eg ville ikkje bli sittande på eit kontor. Ved å gå yrkesskulen fekk eg den rette forståinga for korleis ein byggeplass fungerer. Det var mykje viktigare for meg å få den praktiske erfaringa eg trengde, seier Martin.

- Eg trur Martin hadde veldig godt utbyte av å gå den vegen. No fekk han to år på skule og to år i bedrift, før han tok fagbrev. Akkurat den vegen var god, for han drog med seg den praktiske erfaringa inn i vidare skulegang. Det praktiske betyr faktisk veldig mykje i vegen vidare utdanningsmessig, seier Ivar.

Viktig samarbeid

Det kjem nok ikkje som noko stor overrasking at dørene hos Ivar Aambakk AS alltid er opne for lærlingar. Derfor er samarbeidet med Ørsta vidaregåande skule viktig for bedrifta.

- Vi har ein læreplan og eit pensum, som er tilpassa kvar enkelt elev, og vi veit kva vi må gå igjennom før dei skal opp til fagprøva. Det einaste som er litt utfordrande, er at dei må gjennom mange ulike prosjekt for å få erfaring og kunnskap om alle type konstruksjonar og samansetningar, seier Martin.  

- Det er så viktig å ha dette samarbeidet via denne plattforma, der dei får både teori og praksis med inn i arbeidslivet. Ein ypparleg måte å få forståing for kva som ventar i arbeidslivet. Vi forventar ikkje at elevane skal vere fullt opplært, for du lærer heile tida. Men basis, det grunnleggande, er utruleg viktig å ha med seg, seier Ivar.

- Verken eg eller andre som har vore, og er lærlingar, blir ikkje satt til å rydde, sjaue eller stable ting. Lærlingane får oppgåver som er både vanskelege og lærerike. Det er veldig viktig, for ofte er det dei mest krevjande oppgåvene ein lærar mest av. Det er ikkje mykje som slår den meistringskjensla, seier Martin.

- Lærlingane veks på å få utfordringar og sjølvstendige jobbar. Samtidig får dei tryggheit fordi dei veit at dei blir følgt opp, seier Ivar.

Sjølvfølge med lærlingar

Det er tydeleg at lærlingar er ein ressurs i hos Ivar Aambakk AS.

- Dei styrkar bedrifta vår. Det er ein berikelse for oss å ha moglegheita til å ha lærlingar. Då må vi leggje oss i selen for å kunne gje dei ein god arbeidstad og eit godt utgangspunkt for å vere lærling. Eg synes det er artig å sjå korleis dei utviklar seg medan dei er hos oss.

- Det er ei sjølvfølge for oss å ta imot lærlingar. For eg meiner det er eit samfunnsansvar. Vi skal gi den neste generasjon ei moglegheit. Det er også ein flott måte å rekruttere dyktige folk på, legg Ivar til.

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.