Finst ikkje ein betre jobb

Sola skin. Natur som kan ta pusten frå deg. Det er ikkje rart at tømrar Svein Sæbønes meina han har verdas beste jobb.

Skriv ut

Denne dagen er han oppe på eit tak i heimbygda Sæbø. Bratte tindar stuper ned i fjorden, kor det knapt er ei krusning å sjå.  Gradestokken har bikka 20 av den varme sorten og då fungera t-skjorte godt som arbeidsantrekk.

- Det er klart at det å halde på med takrenner i pissregn er alt anna enn morosamt. Men på dagar som dette, med strålande sol og ein nydeleg natur rundt deg, så finst det ikkje ein betre jobb. Eg synest nesten synd på dei som er inne på eit kontor og som ikkje har moglegheita til å være ute, seier Sæbønes.

- Eg var veldig klar over at som elev ved Ørsta vidaregåande skule, så ville eg få slike arbeidsdagar i framtida. Så då vart valet enkelt for meg.

 

Elskar skifertak

Han gjekk tømrar. Men det var ikkje berre det å ha naturen som scene på arbeidsplassen som påverka Sæbønes.

- Både far og bror min jobba som tømrar. Eg har alltid likt å bruke hendene, så då vart det naturleg å velje tømrar i Ørsta. Det var ei utrolig artig tid, og eg er gode vener med dei som eg gikk saman med den dag i dag.

I yrkeskarrieren har han spesialisert seg. Og skifer står hans hjarte nærast.

- Etter at eg fekk jobb hos Inge Kolås, vart eg fast på skiftetak. For meg, er skifer utan tvil det flottaste taket. Det verste eg ser er gamle stove som har natursteinsmurar og så hiv dei av skifer og legg på decra. Det gjer vondt langt inn i hjartet, for då tek dei vekk sjela til husa.  Slike hus skal ha skifer, seier Sæbønes.

- Legg vi om taket, så varer det i 100 år. Mange trur skifer er så dyrt, men det er det ikkje. Vi tek av skiferen, legg så eit nytt undertak før vi legg skiferen på plass igjen. Kunden treng med andre ord ikkje om kjøpe eit nytt tak.

Det går gjetord om kunnskapen til tømraren frå Sæbø.

- Vi fått ord på oss for å vere gode på skifertak. Vi har blant anna lagt tak på kyrkjer i Innvik, Karmøy og Tingvoll, så vi er mykje ute og reiser.

- Inge bruke å seie på spøk at han har skaffa meg eit nytt skiftetak dette året også, for då kan eg ikkje seie opp jobben. For eg har sagt at dersom han ikkje får oppdrag med skifertak til meg, så er det grunn for oppseiing, seier Sæbønes med eit smil.

 

Lærlingar

Som regel har han med seg ein lærling. Noko han set stor pris på.

- Dei er utrolig viktige. For nokre år sidan såg det mørkt ut, men no ser det ut til at fleire og fleire vil verte tømrar. Det er godt å sjå at så mange har lyst til å jobbe ute og få frisk luft. Eg har berre gode ord å seie om lærlingane vi har hatt frå skulen, for dei har vore veldig interessert i å lære. Dei spør hele tida og er på. Så det er stas å ta inn lærlingar.

- Dei siste åra har det vorte positivt å gå yrkesfag. Eg seier at det er vi som driftar Noreg og held landet i gong. Eg er stolt over yrket mitt. Det må ein også vere.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.