Eit ikkje-tradisjonelt linjeval

Ho var gala. Det var bortkasta. Ho måtte ta eit anna val. Men Aslaug Marit Øyehaug gjekk motstraums. No oppmodar ho ungdom til å velje yrkesskulen.

Skriv ut

La oss skru tida tilbake til 1980. Ei tid der alle rundt Aslaug Marit anbefalte allmennfag.

- På ungdomsskulen sa dei at eg var gal som ville gå tømrar og at det kom til å vere heilt bortkasta. Det kom ikkje til å gå bra med meg i det heile tatt. Eg har høyrt at mange som har hatt gode karakter blir fortalt at det er ein dårleg veg å gå yrkesskulen. Det er det så absolutt ikkje!

-Då døtrene mine gjekk på ungdomsskulen var haldninga at allmennfag var det einaste som gjaldt for elevane. Det er rart at ein ikkje har kome lenger. Pandemien har vist at det er behov for yrkesfagleg arbeidskraft, seier Aslaug Marit Øyehaug.

- Eg var spent på korleis det skulle verte å vere einaste jente på tømrarlinja, men skulen ringte meg opp før skulestart og var veldig klar på at dei ynskte at eg skulle gå der. Derfor kjende eg også at eg kom til å bli tatt vare på. Eg var nok litt ung til å gå saman med berre gutar, og av og til følte eg meg litt einsam, men det var også mange gode augneblikk og stunder.

 

Brei erfaring

Ho ville bli interiørarkitekt gjennom ein allsidig skulegong.

- Det er artig å tenke på at vi sette opp eit råbygg det året eg gjekk der. Prosjektet ga meg nyttig kunnskap om husbygging som eg tok med meg vidare. Eg lærte å forstå planteikningar, bruke diverse maskiner og snikkarutstyr. Det var ikkje berre interiørarkitektur, men òg møbelarkitektur, så vi hadde verkstad der vi laga modellar. Då eg starta på interiørutdanninga kunne eg allereie å bruke utstyret mens mange av dei andre aldri hadde tatt i ei sag ein gong.

- Eg gjekk fyrste året på fleire linjer på forskjellige yrkesskular og fekk ei brei erfaring i staden for berre allmennfag. Eg kunne litt om både tekstil og husbygging, og det meiner eg er svært verdifullt. Det var så absolutt ein fordel at eg valde ein utradisjonell veg ved å gå tømrar i Ørsta. Det er utruleg synd at det ikkje er mogleg lenger, for no er det krav om treårig allmennfag for å ta den interiørarkitekt-utdanninga som eg gjorde.

 

Godt val

Ho peikar på at skulen i Ørsta er viktig for næringslivet i regionen og at den burde hatt høgare status.

- Derfor bør lærarar på ungdomsskulane verkeleg dra yrkesskulen fram for sine elevar som eit veldig godt val for framtida, seier Øyehaug.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.