Den nye kvardagen til ein bilmekanikar

Spesialdressar, hanskar og hjelm med visir. Tryggleiken er i høgsetet. Velkomen inn i verda til framtidas bilmekanikar.

Skriv ut

Det er vel 56 år sidan den fyrste eleven gjekk inn dørene ved Ørsta vidaregåande skule for å utdanne seg til bilmekanikar. Bilete under saka, frå 60-talet, viser tidstypiske bilar som Volvo PV og Volvo Amazon i verkstaden. Då som no blir den same kunnskapen anvendt for å «mekke» motorar, så bilete kunne like gjerne vore teke i dag.

Men ting er i ferd med å endre seg, for bilete over fortel ei anna historie. Elbilen revolusjonerer bilmekanikaren sitt virke. Og den dominerer salsstatistikkane i Noreg. Det betyr at ein i dag må kunne jobbe med høgteknologiske batteri på bilar som Volkswagen ID.4.

Tunga beint i munnen

Bøygd over eit batteri i verkstadhallen hos Berge & Co, finner vi Christoffer Storborg, 14 år etter at han var elev ved Ørsta vidaregåande skule. 

- Dette er noko heilt anna enn å skru på ein motor. Det er faktisk skumle greier om du ikkje veit kva du styrar med. Du må tunga beint i munnen, for her bør ein ikkje gjere noko feil, for det kan få store konsekvensar. Det gjer at ein er meir årvaken og veldig nøyaktig, seier Storborg.

- Eg har tatt mange kurs etter skulegongen, for å oppnå den nødvendige kompetansen til å kunne utføre denne type arbeid. Eigentleg så har eg blitt meir ein IT-ekspert enn ein bilmekanikar, for eg brukar datamaskina mykje i jobben, legg han til.

Bør inn i pensum

Han sit no på ein type kompetanse som kjem til å bli etterspurt i dei komande åra.

- Vi ser allereie no at vi må ha fleire som har denne type kunnskap. Det vil heilt klart bli eit auka behov i framtida.

Om nokre år står ein ny vidaregåande skule klar i Ørsta. Framleis må ein nok kunne utøve yrket sitt på diesel- og bensinmotorar, men høgst truleg har batteriet og den nye teknologien ein sentral plass i skulekvardagen.

- Utviklinga går så fort, at dette burde vere ein del av pensum ved skulen. Men sidan bilane fortsatt har hjuloppheng og girkasse, så må ein kunne å skru bil. Likevel likar eg betre å skru på elbilar enn andre bilar, for det er ingen sjarm i å skru på gamle bilar. Det er eg lei av.

Men han har ikkje snudd heilt ryggen til dieselbilen.

- Eg har elbil, men eg er glad i motorlyd. Så eg har tre dieselbilar også, seier Storborg med eit smil.

GAMLE BILAR: Ein Volvo PV og ein Volvo Amazon står oppe på bukkane i verkstaden på Ørsta vidaregåande skule på slutten av 60-tallet.  Foto: Ørsta vgs

GAMLE BILAR: Ein Volvo PV og ein Volvo Amazon står oppe på bukkane i verkstaden på Ørsta vidaregåande skule på slutten av 60-tallet. Foto: Ørsta vgs

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.