Den mest meiningsfulle jobben eg kan tenkje meg

Rådgivar Ann-Turid Andersen Egset har opplevd mang ein storm på havet.

No står ho stødig på land og hjelper elevar gjennom skuleåra. Det er ofte tilfeldige hendingar som spelar inn når vi gjer val som endrar livet. Gjennom eitt tiår sørga Ann-Turid for at sjøfolk kunne gå mette og nøgde frå bordet. Så vart lysta til å få fast grunn under beina for sterk for stuerten. Då det dukka opp eit ledig vikariat ved Ørsta vidaregåande skule, var ho ikkje sein å be. Søknad vart sendt inn. 

Skriv ut

- Eg måtte prøve sjølv om eg knapt var kvalifisert. Likevel fekk eg jobben, og no må eg le litt av det, for eg var jo einaste søkjar, seier Andersen Egset med eit stort smil. 

Lengst på skulen

Med fleire søkjarar kunne karrierevegen vore annleis. Vikariatet på helse og miljø, som det heitte den gongen, gav meirsmak. Ekstraklassa ho underviste i, vart fast det følgjande året, men då var det fleire søkjarar til jobben. 

- Det var fleire som ville ha stillinga, og Margunn Romestrand, som var ferdig utdanna faglærar og tilsett på ein skule i Førde, fekk jobben. Så ville lagnaden det slik at Margunn ynskte å vere eitt år til i Førde, og då blei eg tilsett. Sidan har eg vore her på skulen. 

No er Ann-Turid den kvinna som har vore lengst tilsett på skulen, i heile 32 år. 

- Det hadde eg ikkje tenkt på før min kollega Margunn påpeika det. Eg er stolt over arbeidsplassen min, og at det er godt å tenkje på at eg har vore her i så mange år. Og framleis går eg på jobb kvar dag med stor iver, lykkekjensle og motivasjon. 

 

Sterk elevteneste

Ann-Turid vart seinare lærar ved restaurant- og matfag, men sidan 2015 har ho arbeidd som rådgivar. Noko hun trivast svært godt med. 

- Om vi går tilbake nokre år, hadde vi kanskje eit par ungdomar som sleit med psykisk helse gjennom eit heilt skuleår, men i dag møter vi dei fleire gonger i veka. Det er eit heilt anna bilete. Det er klart at det er avgjerande å ha omsorg- og relasjonskompetanse til stade ved skulen. Dei er i ein enormt sårbar tid i livet sitt, og for mange, er det å vere eller ikkje vere. Det å kunne kome seg gjennom desse åra, er ekstremt viktig for dei, for dei har så mange ytre påverknader no.

Ho rosar rådgivartenesta som er etablert ved skulen. Ho er klar på at mange ulike instansar må drage lasset saman.

- Vi har ein svært sterk elevteneste på skulen, og vi står i kampane for elevane. Skulen har verkeleg satsa. Satsing på helsetenester for elevane er utruleg viktig, for kostnadane for samfunnet hadde vorte enorme om fleire hadde blitt ståande utanfor. Det er ikkje mange år sidan vi hadde 30 prosent fråfall i den vidaregåande skulen. Denne prosenten er drastisk på vei ned, og ein av grunnane er at skulane tek rådgivartenesta på alvor. 

- I tillegg er har det vore ei nasjonal og lokal satsing over tid og det er mange faktorar som bidreg til at fråfallsprosenten går sakte nedover. Fråfall over år har vært størst i yrkesfaglige program, og det heng truleg saman med sårbar overgangsproblematikk, 2+2-modellen og færre lærebedrifter, som studieførebuande program ikkje har. Det satsast på alle nivå i skuleverket, samfunnet, NAV og andre stader for at unge skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Vi veit at unge utan den opplæringa står i fare for å bli ståande utanfor jobbmarknaden med dei utfordringar som det gir, både for individ og samfunn.

Skulen har samarbeid med fleire etatar for å kunne gje eit best mogleg tilbod til elevane.

- Det er så viktig å sjå heile ungdomen, for det er vanskelig å få til noko på skulen om det er eit inferno heime eller ute i gatene. Derfor må vi jobbe med relasjonar og få tak i kva det er som går føre seg i livet deira. Vi set opp tverrfaglege team, jobbar saman med fastlegar, psykologar, barnevern og helsestasjon. Vi må tenkje breitt om vi skal hjelpe ungdom i dag, for livet er så samansett og det er så mykje som røre seg rundt dei, legger ho til. 

Aldri angra

No viar Ann-Turid livet sitt til å hjelpe ungdom. Takka vere at ho tok ein sjanse på det ukjende for 30 år sidan.

 - Eg har aldri angra på det, og er ekstremt glad for at eg kan vere der for ungdomane. Det er merkeleg å tenkje på kor tilfeldig ting vart for meg, for eg hadde aldri vurdert å bli ein del av skuleverket før jobben dukka opp i 1989. Tenk at eg er så heldig at eg sit her i 2021 med den mest meiningsfulle jobben eg kan tenkje meg. Å vere der for unge som treng hjelp. Betre blir det ikkje.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.