Beste tal nokon gong!

Det er vel 75 år sidan det fyrste kurset starta opp ved Ørsta vidaregåande skule, og skulen har aldri sett betre bestått-tal enn i 2021.

Skriv ut

10. september 1946 sat ti elevar bak pultane i 2. etasje ved Ørsta Folkehøgskule. Dei var det aller fyrste kullet med elevar ved Ørsta vidaregåande skule. Sidan skulen ikkje hadde eigne lokale, så måtte dei låne klasserom samt at praksisen vart halde i Ørsta Bruk sine gamle lokale.

- Året etter vart det oppretta eit kurs for tømrarar og innreiingsnekkarar. Det var dei små fyrste stega som Ørsta yrkesskule tok. I 1949 vedtok Fylkestinget at Ørsta skulle vere yrkesfagskulestad på like vilkår som Sunndal, Bolsøy og Borgund, seier rektor Roger A. Fylling.

- Skulen vår er med andre ord av dei første yrkesfagskulane i Møre og Romsdal. Ønskjer ein å sjå skikkeleg stort på det, har det faktisk vore tidvis skule i Ørsta heilt tilbake til 1884, med både tresløyd, husflid og handarbeidsundervising som grunnleggjande kunnskapar.

 

Tidenes beste

Dei ti elevane i 1946 fullførte alle kurset på 900 timar i forskaling, jarnbinding og betong. 75 år etter starten står Ørsta vidaregåande skule sterkt. I år passerte talet på elevar 300. Og i fjor var det rekordresultat med tanke på kor mange som kom seg gjennom skulen.

- Skulen presterer heilt i teten på alle målingane til Fylkeskommunen, og nasjonalt. Aldri før har fleire ungdommar gått ut av dørene på skulen med eit kompetansebevis der det står: Fullført og bestått. Våren 2021 var dette talet 90,3 %, seier rektoren stolt.

- I dag er skulen ein robust vidaregåande skule, ein yrkesfagskule med god fagleg tyngde, som i eit tett samarbeid med lokalt næringsliv har som målsetjing å lytte, anerkjenne og justere etter det næringslivet har som behov for ressursar over tid. Det betyr at skulen har høge positive forventningar til alle elevar, og tilsette. Frå det løfter vi kvarandre, legg Fylling til.

 

Ny skule

For å lykkast, har skulen vore nøydd til å følgje med i timen.

- Fram til i dag, har det vore ei rivande utvikling på teknologi, fag- og profesjonsutvikling, endringar i lærarrolla, støttetenester og samfunnsoppdrag. Aldri før har det vore større merksemd på at alt vi gjer på skulen skal vere som ein raud tråd fram mot det eleven skal verte. Relevans vert heilt avgjerande for korleis vi involverer, vurderer og tilpassar for læring. I kvart fag må ein spørje seg kva relevans faget har for det eleven skal verte, på dei ulike programområda. Det er kanskje ei av dei største endringane i fagfornyinga, og dei kringliggjande utvala t.d. Liedutvalet, seier Fylling.

75-åringen posisjonerer seg for å møte framtida. Og der står ein ny skule veldig sentralt.

- Der meistring skjer frå aktivitet og utforsking vert det skapt stolte yrkesutøvarar for framtida. I vårt verdigrunnlag for skulen vert ungdommen invitert på ei reise, som kvalifiserer dei til ei yrkesfagleg framtid. På denne reisa skal vi ha med alle. Om ein tenker seg framover mot den nye skulen som det vert arbeidd med, ønskjer vi at den skal verte eit fyrverkeri for lokalsamfunnet, med eit yrande utviklingsarbeid på alle våre programområder. Skulen skal vere ein totalleverandør av solid fagleg kompetanse, gode på samhandling lokalt og internasjonalt. Sist, men kanskje også viktigast, vi skal skape eit brennande ønskje hjå alle om å få fram den beste versjonen av kvarandre. Klarer vi det, bidreg vi sterkt til å nå vårt samfunnsmål.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.