Investering i fremtida
Utvikling av høgst nødvendig kompetanse og miljøtenking går hand i hand, gjennom ei maskin der bærekraft er ein viktig faktor.
Utstyr for måling av hjulstillinga har ein sentral plass i alle bilverkstadar. Men det er ikkje gitt at ein vidaregåande skule har moglegheit til å ha ein hjulstillingsmaskin som ein del av utdanninga ved teknologi og instustrifag. For dette er ein investering kor maskinen kostar opp mot ein kvart million kroner.
Den nyaste maskinen på bilverkstaden på Ørsta vidaregående skule er vel verdt den høge kostnaden, meiner lærar Tom Andre Busch.
- Det er kanskje ein liten luksus å ha ei slik maskin på ein skule, for dette kunne kanskje elevane lært om i teorien, men ein lærar aller best i praksis. Det er ein vanleg, og ikke minst viktig, jobb å sjekke hjulstillinga ute på verkstadane. Dette er noko elevane må kunne.
- No er det slik at ein skule ikkje har moglegheit til å ha alle typar maskinar som er på ein bilverkstad, men det er heilt avgjerande at elevane får akkurat denne typen opplæring, for den er så viktig med tanke på både sikkerheit og miljø. Vi er heldige som har denne maskinen, leggjer han til.
Uansett om bilen en ny eller gamal, brukar diesel, bensin eller elkraft, så er hjulstillinga svært viktig. Det er fleire grunner til at akkurat denne maskina, som dei har ved Ørsta vidaregående skule, bør vere ein del av utdanningsløpet. Feil hjulstilling fører til ujevn slitasje på både dekk og forstilling, og dermed farlige situasjonar i trafikken.
- Hjulstillinga må helst vere 100 prosent rett om dekka skal vare lengst mogleg og det skal vere trygt å ferdast i trafikken. Bilen kan spore, leggje seg ned i hjulspora og bilen blir tyngre å handtere. Når bilen styrer slik den vil, og ikkje slik du vil, er det mykje større sjanse for ei ulukke.
Det vil også påverke miljøet ved at bilar med feil hjulstilling gir auka mengde med gummi som havnar i naturen. Då må det også produserast fleire dekk fordi dei må skiftast oftare.
- Gummi som forsvinner fra dekka blir liggjande ute i naturen, og derfor burde bileigarar sjekke hjulstillinga mykje oftare. Med tanke på bærekraft, skulle eg ynskje at bilførarane var meir bevisste, slik vi får mindre gummislitasje og ein reinare natur, seier Busch.
Elev Håkon Woldseth sjekker hjulstillinga på ein eldre modell Volvo.
Tekst og bilete: Tind Media