Fortida er viktig i den moderne verda
Lærarane på Bygg- og anleggsteknikk har henta tilbake ei oppgåve som var ein viktig del av grunnutdanninga i faget før.
Elev Andreas Solhaug ved Vg1 Bygg- og anleggsteknikk, brukar ei moderne sag når han lagar material til si eiga verktykasse.
Før i tida var ei verktykasse ein viktig del av skuledagen og yrkeslivet til framtidige fagarbeidarar innan forskaling, jarnbinding og betong. Elevane den gongen, laga si eiga verktykasse, og mange av dei såg ut som den til venstre på biletet. Den var open og hadde eit handtak som gjekk på tvers av kassa. I fjor bestemte lærarane seg for at verktykassa skulle få ein «ny vår» når elevane tok til på utdanninga. Ei verktykasse har ein sentral plass i kvardagen til ein tømrar, og dermed var det naturleg å reintrodusere den.
- Vi starta med det i fjor, og både eg og ein annan lærar bygde òg eigne kasser då vi var elevar her, fortel faglærar Kay Are Urkegjerde.
- Vi utdannar folk i det som er eit tradisjonsyrke. Det er derfor positivt at ein kan lage noko tømrarar også hadde for femti år sidan, og som ein moderne tømrar kan drage stor nytte av også i 2021. Vi håper dette skal vere med på å gi elevane yrkesstoltheit.
Det er ikkje snakk om å kopiere fortida. Dagens elevar nyttar moderne verktøy.
- Dei to verktykassene er ulike. Vi meina det er enklare med eit lukka system, som lok på kassa, fordi det fungera betre i dårleg ver. Gjennom denne oppgåva. Får elevane god trening i fleire teknikkar, samt opplæring i grunnleggjande ferdigheiter i faget. Dei får bruke fleire typar verkty, og sjå kor viktig det er å vere nøyaktig.
- Verktykassene blir bygd i solid tremateriale. Slik at elevane kan ta med seg kassa vidare i arbeidslivet. Kassa passar ypparleg i ein arbeidsbil. Dei som får eit godt resultat, vil nok bruke den i mange år, meiner Kay Are Urkegjerde.
Bærekraft er òg ein viktig faktor i forhold til å lage si eiga verktykasse. Eit av kompetansemåla, er å ta vare på verktyet sitt.
-Vi vil gjere noko med bruk og kast-mentaliteten i forhold til verkty. Mange sliper ikkje kniven sin lenger, og om den er ukvass, vert den gjerne kasta til fordel for ein ny. Slik er det med mykje anna verkty også.
Tekst og foto: Tind Media