Teknologi og industrifag
Teknologi og industrifag omfatter eit breidt spekter av fag som kvalifiserar for arbeid i store og små industribedrifter, skip, installasjonar for produksjon av olje og gass, i store og små verkstader og på alle typar køyretøy og anleggsmaskinar.
Elevane får ein praktisk, variert og teknisk grunnopplæring i teknikk og industriell produksjon. Dei får ei brei plattform for vidare yrkesvalg både med omsyn til fag, type arbeidsplass og arbeidsmiljø. Programfaget legg grunnlag for tverrfaglig tenking og gir elevene muligheter for på sikt å kunne utvikle ei flerfagleghet som blir etterspurt i verksemdene. Ei betydelig del av tida vil elevane få arbeide med eit tverrfagleg fordjupningsprosjekt retta mot framtidig yrkesval.
Programfag
Programfaget teknikk og industriell produksjon gir grunnleggjande og enkel trening i alle delar av ein produksjonsprosess; frå innstillingar til styring, testing/måling, service, vedlikehald, reparasjon, rapportering og HMS-arbeid.
Arbeid innan teknikk og industriell produksjon
Arbeidsoppgåvene krev samhandling med andre, evne til å arbeide sjølvstendig etter prosedyrar og tegningar samt med registrering og dokumentasjon. Kjennskap til nasjonale og internasjonale standardar og retningsliner er ein del av faget. Eit viktig perspektiv i opplæringa er utvikling av lojale og stolte fagarbeidarar som viser respekt for mennesker, miljø og produksjonsapparater.