Helse- og oppvekstfag
Helse- og oppvekstfag
Er du omsorgsfull og flink til å kommunisere? Ynskjer du å arbeide med menneske i ulike aldersgrupper og livssituasjoner? Då kan Helse- og oppvekstfag vere noko for akkurat deg!
Denne skuleretninga representerer viktige tradisjonar og verdiar på omsorgsfeltet som gjelder fysiske, psykiske og sosiale behov hos menneske gjennom heile livsløpet.
Vi tek sikte på å utdanne deg til å arbeide i helse- og sosialsektoren, i sjukehus og på sjukeheimar, på lækjar og tannlækjarkontor, heimebaserte tenester eller arbeid med born og ungdom. Kommunikasjon og respekt for alle grupper menneske er naudsynte eigenskapar innan våre yrker.
VG1 Helse- og oppvekstfag
Opplæringa i VG1 lærer deg om helsefremjande arbeid, livstilssjukdommar, skadar og lidingar. det blir lagt vekt på born og unges utvikling, og som elev lærar du også om kost, ernæring og hygiene. Gjennom læring på VG1 vil ein kunne få utvikle seg på både kommunikasjon og sosial kompetanse, som kjem til nyttes for resten av livet ditt.
VG2-programfag
Etter VG1 Helse- og oppvekst kan du gjere følgjande val ved vår skule:
- VG2 Barne- og ungdomsarbeidar
- VG2 Helsearbeidarfag
- VG2 Helseservicefag
Mangfald av yrker
Den som vél slik utdanning, må ha interesse for medmenneske og vere samarbeidsvillig. Kommunikasjon vil vere ein viktig kompetanse. Etter fullført VG2 Barne- og ungdomsarbeidar kan du søkje om læretid i bedrift og ta fagbrev. Arbeidsområda kan vere mellom anna assistent i barnehage, skule, SFO og fritidsklubbar.
Etter fullført VG2 Helsearbeidarfag kan du og søkje om læretid ved ulike helseinstitusjonar og ta fagbrev.
Etter fullført VG2 Helseservicefag har du fleire valmoglegheiter; du kan gå vidare på VG3 eller du kan gå ut i lære i bedrift som aktivitør.
Som alternativ til lærekontrakt etter VG2 kan du skaffe deg studiekompetanse og ta høgskuleutdanning innan fleire av desse fagområda. Til dømes kan du gjennom høgskulestudier og utdanne deg til sjukepleiar, lærar eller førskulelærar.