Elektro og datateknologi
Elektrofag
Ved Elektrofag kan du utdanne deg i eitt av fleire elektrofag. Du kan seinare vidareutdanne deg ved ein fagskule eller ingeniørhøgskule.
VG1 Elektrofag
Opplæringa i VG1 Elektrofag skal legge vekt på oppleving, refleksjon, innsikt og bevisste val knytt til dei elektriske system. Mykje av undervisninga i programfaga vil foregå på systemnivå og ein god del av dette er praksisrelaterte oppgåver.
VG2-programfag
Etter VG1 Elektrofag kan du gjere følgjande val ved vår skule:
- VG2 Automatisering
- VG2 Elenergi og ekom
Etter VG2 Automatisering kan du gjer følgjande val ved vår skule:
VG3 Automatiseringsfag
Vel du å gå denne vegen, kan ein få avkorta fagopplæring i bedrift med eitt år.
Våre utdanningsprogram fører til eit mangfald av yrker og dei viktigaste arbeidsoppgåvene er innanfor installasjon, vedlikehald og dokumentasjon av elektriske og elektroniske system. I desse yrka må du kunne forholde deg til tryggleiksforskrifter, vere pålitelig og utføre arbeidet på en nøyaktig og fagmessig måte.