Ørsta vgs - Inntil 200 % stilling - lærar i elektrofag

Vi søker etter

faglærar - inntil 200 % fast stilling i elenergi og/eller automasjon på vg1 og vg2 frå 01.08.22. To stillingar: 1 stk.100 % fast stilling, og 1 stk.100 % fast stilling med atterhald om at det vert oppstart av ekstra klasse hausten 2022.

 

Vi søker deg som

har utdanning innan elektrofag, med relevant fagbrev, har eller er villig til å ta yrkesteoretisk utdanning som til dømes yrkesfaglærarutdanning (YFL), eller fagskule og PPU/Y.

har praksis frå fagområdet.

Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig, og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom, og vere ein trygg og tydeleg vaksen.

 

Vi tilbyr

- stor satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling
- godt arbeidsmiljø med faglege og personlege utfordringar
- medlemskap i SPK
- løn etter gjeldande avtale

 

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad.

 

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

 

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25-2. Om dette er tilfelle, vil vi kontakte søkaren før offentleggjering.

 

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Snarvegar

Kontakt