Velkomen til hospitering ved våre utdanningsprogram veke 47

Til ungdomsskular og opplæringssenter på Søre Sunnmøre

Skriv ut

Vi er svært glade for at så mange elevar frå ungdomsskulane på Søre Sunnmøre vél å besøke skulen vår i veke 47! Vi gler oss til å ta imot dykk! Både elevane og lærarane våre vil gjere sitt beste for å gi dykk eit godt innsyn i, og ei god oppleving av innhaldet i ein skuledag hjå oss.

Program:
Vi tek imot dykk den dagen de kjem med ein felles oppstart kl.9.15. Etter ei kort økt (rundt 15 minutt) med informasjon, går de i samla flokk til det klasserom/verkstad de er oppsett på, saman med ein lærar frå programområde.

Matpause kl. 11:30-12:00
Det er ikkje kantinedrift ved Ørsta vidaregåande skule. Alle må difor ta med matpakke og drikke.
Skuledagen vert avslutta kl.13.30 for alle som er på hospitering, uavhengig av utdanningsprogram.
Ta med skriveutstyr! Dei som treng verneutstyr, får låne det på skulen. Gjeld også kokkehatt og forstykke for dei som skal til Restaurant- og matfag.

De møter slik:

Måndag 21.11:
Bygg- og anleggsteknikk møter i Auditoriet på D-bygget. Elektro og datateknologi møter i Auditoriet på D-bygget. Helse- og oppvekstfag møter i Auditoriet på D-bygget. Teknologi og industrifag møter på klasserom D61 på D-bygget

Tysdag 22.11:
Elektro og datateknologi møter i Auditoriet på D-bygget. Helse- og oppvekstfag møter i Auditoriet på D-bygget. Teknologi og industrifag møter på klasserom D61 på D-bygget.

Onsdag 23.11:
Elektro og datateknologi møter i Auditoriet på D-bygget. Helse- og oppvekstfag møter i Auditoriet på D-bygget. Restaurant- og matfag møter i Auditoriet på D-bygget. Teknologi og industrifag- møter på klasserom D61 på D-bygget.

Torsdag 24.11:
Bygg- og anleggsteknikk møter i Auditoriet på D-bygget. Helse- og oppvekstfag møter i Auditoriet på D-bygget. Restaurant- og matfag møter i Auditoriet på D-bygget. Teknologi og industrifag- møter på klasserom D61 på D-bygget

Fredag 25.11:
Bygg- og anleggsteknikk møter i Auditoriet på D-bygget. Elektro og datateknologi møter i Auditoriet på D-bygget. Teknologi og industrifag møter på klasserom D61 på D-bygget

Vi ynskjer dykk varmt velkomne til den yrkesretta skulen vår, og håper at dette vert ein motiverande og lærerik dag!
Målet vårt er rett elev på rett plass!