Stor suksess på kveldstreff for motorinteresserte
Torsdag 15. oktober arrangerte Ørsta vgs ein kveld med ope verkstad og utstilling av forskjellige bilar og syklar
Det blei ein svært triveleg kveld for alle involverte på dette første av eit månadleg kveldstreff i og rundt bilverkstaden på skulen. Totalt var 47 personar innom treffet, inkludert lærarar, ordføraren i Ørsta og vaksne, samt besøkande frå ungdomsskulen. NAF (Norges automobil forbund) stilte med fire personar i tillegg til Sven Kenneth og Hogne, som i tillegg til formidling av kompetanse og haldningar også sørga for pølser, brus og snacks til alle. Amcarklubben stilte også sterkt, med kjøretøy av ymse slag, og etterkvart blei det temmeleg trangt på parkeringsplassen utanfor. Mogelegheit for å få hjelp til småreparasjonar av mc/ bil er og ein av intensjonane med arrangementet, og fleire av elevane var engasjert med dette utover kvelden.
Med ei ekstra takk til NAF, som og har formidla at dei stiller på framtidelege arrangement ser me med stor forventning fram til neste kveldstreff. Tek sikte på at «jungeltelegrafen» får virke fram til då, og at enda fleire tek turen innom denne kvelden.
Elevtjenesta Øvgs.