Fekk skulen inn med morsmelka

Heile livet har skulen hatt ein svært sentral plass i livet hennar. For Bodil Hovden (75) sa yrkesvalet seg nesten sjølv.

- Oppveksten min dreia seg mykje om yrkesskulen, for eg var med foreldra mine på skulen så ofte at eg kjente kvar ein krik og krok. Eg fekk skulemiljøet inn med morsmelka, seier Hovden.

Stolt over valet

Det måtte nesten verte slik. Faren Leif Hovden var fyrst lærar på skulen, og blei etterkvart rektor. Han er også den som har vore lengst i den stolen, i heile 37 år frå 1946 til 1983.

Mora Ingrid bidrog ved å jobbe gratis i fleire år før ho ble tilsett. Ho laga læremiddel og skuleoppgåver heime i stova. I 1963 vart det oppretta ei administrasjonsstilling som mora fekk. Då var det ingen veg tilbake, og heimen handla om Ørsta vidaregåande skule frå morgon til kveld sju dagar i veka.

- Det seier seg sjølv at med ein slik bakgrunn, så var det berre læraryrket som var aktuelt for meg. Mine foreldre gjorde at eg fekk lyst å bli lærar. Eg har i grunnen aldri tenkt på kor stor rolle skulen har spelt i livet mitt før no. Far var veldig glad og stolt over valet mitt, og følgde nøye med. Vi hadde mange gode samtalar om skulen og livet der.

 - Det er klart du får gode impulsar og stimulans når du har det i ditt nærmiljø så mykje som det eg hadde. Det har påverka meg i veldig stor grad, seier 75-åringen, som var lærar på skulen frå midten av 80-tallet til ho gjekk av med pensjon.

Fagbrev

Det vart naturleg at faren vart eit yrkesmessig førebilete.

- Far var lidenskapleg opptatt av skulen og elevane, for han ville at alle skulle gå ut av skulen med eit fagbrev. Han var også veldig interessert i å ha god kontakt med elevane, og gje dei best mulige forhold til å utvikle seg mot deira yrkesval, seier Hovden.

Det er ein ting ho ynskjer å trekke fram frå alle åra som lærar ved yrkesskulen i Ørsta.

- Det er mange ting som rører deg, og noko av det finaste som lærer, er at du utviklar deg sjølv medan elevane utviklar seg. Det er ein del av prosessen mellom lærar og elev. Eg måtte jo utvikle meg sidan eg var der i så mange år, og det var dessutan mange reformer. Nye planer, mål og måtar å vurdere på, så det har vore eit interessant yrke, for du har heile tida vore i utvikling.

Linje for kvinner

Den fjerde linja som vart oppretta ved Ørsta vidaregåande skule var kjole- og draktsaum, og dette var den fyrste linja for kvinner. Den kom i 1959 og lærar var Bergljot Skjold. Dei tre linjene som allereie var vel etablert på denne tid var betong- og tømrarkurs (1946), maskin og mekanikarkurs (1955) og elektrikarkurs (1956).

- Eg hugsar særleg godt at linja for kjole- og draktsaum blei oppretta, for då var eg i tenåra. Til då hadde det berre vore gutar som hadde gått her, no var det endeleg tid for jentene også. Utviklinga skjedde parallelt med min oppvekst, så eg tenkte ikkje så mykje over det då, men eg syntest det var flott at dei unge jentene fekk moglegheita til å komme til Ørsta og utdanne seg innanfor mote. Dei fekk sy seg fine klede og det var litt stas. Det var sikkert kjekt for gutane at det vart ein viss balanse. Det blei etterkvart to klasser, og dei var alltid fulle for det var stor søknad, minnast Hovden.

KUNST: Lærar Bodil Hovden er oppteken av kunst og underviste i både kunst og kunsthistorie medan ho var lærar på Ørsta vidaregåande skule.

Tekst og bilete: Tind Media