Alt om 75-årsjubileumet

75 år sidan fyrste skuledag

Fredag 10. september, er det 75 år sidan det fyrste fagkurset såg dagens lys. Det markerte starten på Ørsta vidaregåande skule. Den gongen heldt skulen til i Ørsta Bruk sine gamle lokale, i eit bygg som stod ved sidan av Bruksbutikken og biletet er av elevane som gjekk på skulen i 1946. Hausten 1954 flytta skulen til Holmane, der skulen ligg den dag i dag.

 I høve 75-årsdagen vert prosjektet «75 år-75 historier» lansert. Kvar veke skal tre historier publiserast gjennom eigen nettstad og sosiale medium der den fyrste vert publisert i morgon. Det vil vere historier om fortid, notid og framtid, der personar, gjenstandar, teknikkar og fagutvikling står i sentrum. Fyrste historie blir publisert i morgon. Fokus for feiringa av 75 år med yrkesfagleg utdanning, er å synast meir gjennom dei gode historiene. I ulike former og varierande kanalar. Tidlegare i år laga skulen fem filmar frå dei ulike programområda våre, der faga sin eigenart, moglegheiter, elevreiser og bedriftssamarbeid er i fokus. 

 

 Slik var oppstarten:

  • Fyrste kurset i forskaling, jarnbinding og betong vart lyst ut 5. august 1946.
  • Vel ein månad seinare, 1. september starta kurset i Ørsta Bruk sine gamle lokale. Det var trekkfullt, så både elevar og lærarar måtte kle seg i vinterfrakk for å stå imot regn og vind. Teoridelen var i 2. etasje av Ørsta Folkehøgskule.
  • Kurset var på 900 timar fordelt på 600 timer praksis og 300 timar teori.
  • På landsplan berre to andre liknande kurs, i Oslo og Bardufoss.
  • Lærarar: Leif Hovden, Einar Arne og Ivar Aambakk.
  • Alle dei 10 elevane fullførte kurset. Kåre Lorgen, Peder Hovde, Torgeir Hovden, Håkon J. Mo, Sverre Årsæther, Johannes Gjersdal, Nils Nerhus, Sigurd Strøm, Per Jetmund Engeseth og Laurits Grytebust. 

Kjelde: Jubileumsskriv- Ørsta vidaregåande skule, Handverks- og industrifag, 50 år 1946-1996.

 

Ulike linjer ved skulen: 

  • Betong og tømrarkurs (1946)
  • Jarn- og metallkurs/maskin- og mekanikarkurs (1955)
  • Elektrikarkurs (1956)
  • Kjole- og draktsaum (1959)
  • Laboratoriekurs (1961)
  • Formenn/arbeidsleiarar (1962)
  • Landbruksmekanisk (1962)
  • Bilmekanikar (1965)
  • Verktymaker (1968)
  • Automatiseringsteknisk (1981)
  • VKI mekanikar (1982)
  • 2-årig grunnkurs energi- og allmennfag (1988)

 

I dag har skulen fem programområde:

  • Teknologi- og industrifag
  • Restaurant- og matfag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Elektro og datateknologi
  • Bygg- og anleggsteknikk

Kjelde: Jubileumsskriv-Ørsta vidaregåande skule, Handverks- og industrifag, 50 år 1946-1996.