Undervisningsevaluering 2024-2025

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Formålet er at evalueringa skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i opplæringa. Resultata blir brukt i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Evalueringa er ei elektronisk spørjeundersøking, som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare, men vi oppfordrar alle elevar til å delta. Svara blir behandla konfidensielt, slik at ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar. 

Elevane skal evaluere lærarane si undervisning. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gonger, avhengig av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokon lærar. 
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema: 
1.    Eleven si meistring og motivasjon
2.    Læringsmiljøet i gruppa
3.    Vurderingspraksis
4.    Støtte frå lærar
5.    Faglege utfordringar og forventningar 

Har de spørsmål til undersøkinga, kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune ved Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no), Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no) eller Lindis Huse (lindis.huse@mrfylke.no). 

Med venleg helsing
Bjørnar Sæterås
Rektor, Ørsta vidaregåande skule

Artikkelliste