VIP-veke for tolvte gong!
I veke 43 vart det arrangert VIP-veke for tolvte gong!
Kick-offet for årets VIP-veke var i Kinosalen på Ørsta kulturhus. Årets foredrag "Alt er normalt" var eit svært kjenslesterkt og engasjerande foredrag holdt av Eirik Høie Mortensen. Det var eit foredrag om 22. juli og psykisk helse. Kva er forskjelleg på å leve og overleve? Det handla om vegen vidare etter Norge sin mørkaste dag, med eit skråblikk på psykisk helse og korleis handtere vanskelege og tøffe perioder i livet.
Det vart også ein presentasjon av elevtenestene ved Ørsta vgs og våre samarbeidspartnarar:
- Tenesta for psykisk helse v/Ingvild K. Ose og Janita S. Krøvel
- Fysio og friskliv v/Hanne M. Myklebust, Silje K. Skeide og Karen Øie
- Rustenesta v/Astrid Skare og Signe Aksnes
- Barnevern v/Ann Kristin Soldal
- Kommunepsykolog Melinda Garden
- Helsesjukepleiar v/Sanna Driveklepp og Monica H. Matinda
- NAV v/Jan Ove Haukås og Anne S. Brudevoll
- Sosialpedagogisk rådgiver v/Margun, Ausra og Ann Turid
- Spesialpedagogisk rådgiver v/Anne-Mette og Tone
- Oppfølgingstenesta (OT) v/Ann Turid A. Egset
- Pedagogisk-psykologisk teneste v/Hege Gaupstad
- Miljøarbeidar v/Rune Homlong
- Rådgivar i høve auka gjennomføring v/Beate Mork